Tøsdal & Nordstrønen flytta til sjød'n
Båtverkstaden i Kolskogen har fått ny, maritim base på Halhjem.


Den godt etablerte båtmotorverkstaden i Kolskogen har flytta til tidlegare Halhjem Motorverksted i Naustvågen ved Halhjem ferjekai.
Her har Morten Tøsdal og Joakim Nordstrønen, med Kristian Nordstrønen Aagaard og lærling Sander Nybø Johansen, verkstad, tre slippar og eit nabonaust med plass til ein flytande 50-fotar under tak.
Framleis mobil
Dei utdanna seg til bilmekanikarar saman, Morten Tøsdal og Joakim Nordstrønen, som sju år seinare, i 2012, starta firma saman. I starten av 2014 fekk dei eigen verkstad i Kolskogen.
Begge hadde jobba mest med båtmotorar dei siste åra, og hadde ein idé om å gjera seg mobile, å koma heim i hagane eller ut på slipp for å reparera små og større båtar.
– Det har gått bra. Det er periodar det er ekstra travelt, men ikkje berre vår og sommar. Vi har nokre bedriftskundar, og der er det jamn drift heile året. Vi har òg ein del planlagte større reparasjonar, og det vil kunden vanlegvis ta om vinteren, fortel Nordstrønen.
– Sjølv om vi no har flytta til naust med tre slippar så held vi på dei to servicebilane våre. Vi er òg nesten ferdig med ein servicebåt vi held på å rusta opp.
– Skiftar éin luksus med ein annan
Denne månaden har dei flytta frå Kolskogen til Halhjem.
– Vi hadde det bra i Kolskogen, med enkel tilkomst for kranebil, fire garasjeportar og 300 kvadratmeter boltreplass, seier Tøsdal.
Allereie i flytteprosessen er slippen fylt opp med kundar.
– Her har vi ein liten verkstad med plass til ein kort båt og nokre motorar, men samtidig har vi både kai og tre slippar, der ein av slippane er under tak.
Den største slippen passar for båtar opptil rundt 50 fot og 20 tonn, den andre for 30 fot/10 tonn.
– Vi mister éin luksus, men får ein annan. Dette blir dessutan enklare for mange av kundane våre, som no slepp å bruka kranbil for å få båten på verkstad.
I tillegg leiger dei halvparten av eit dobbeltnaust i same naustrekke.
– Der kan vi fint køyra (på sjø) ein båt på 50 fot under tak. Dette er noko vi har sakna, det er fleire gongar vi har måtta utsetja jobbar om bord i båtar med gir, som ligg på sjøen, grunna nedbør.
Rustar opp
Huseigar, Arild Halhjem, vil utvida kaien for dei nye leigetakarane, som òg har arva Halhjem sine tidlegare kundar på slippen.
– Vi vil gjera litt utbetringar på slippane, blant anna med godt arbeidslys, men det tar vi på vår kappe, seier dei nye leigetakarane.
Båtforhandlar Bjørn Askvik frå Askvik AS blei i mai i år ny leigetakar på Halhjem. Han fortel til Midtsiden at han blei sjuk i haust og ikkje fekk sjanse til å driva vidare i Naustvågen.
– Har de planar om å utvida med sal av båtar, motorar eller utstyr?
– Vi kjem til å selja bunnstoff og sink-anodar til dei som leiger slipp. Vi vurderer òg å bli forhandlar, men i første omgang berre for båtmotorar.
– No ser vi først og fremst fram til å jobba ved sjøen. Frå våren skal vi ha oss grill til fredagslunsjen. Vi er båtfolk alle mann, og det er noko anna å jobba på ein kai enn å ha Ulvenvatnet som nærmaste nabo, seier Morten og Joakim.