Sport | 15. okt. 2018

Total fangst? 129 villaks

Årets sesong i Oselvo var vanskeleg, men tilbakegangen frå fjoråret er liten.

Total fangst? 129 villaks
Bård Lyssand tok årets første laks dagen etter opningsnatta. (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. okt. 2018 11:30

Årets fangstrapport frå Osvassdragets forvaltningslag er klar.

Det var ingen stor oppgang av laks før sesongstart 15. juni, slik det ofte har vore, og sommaren var som kjent vore historisk tørr og varm. Likevel er nedgangen liten samanlikna med fjoråret.

– Fangsten har vore god når forholda har lagt til rette for det, skriv formann i forvaltningslaget, Roald Berge Helle, i rapporten.

166 laks på land

Frå 15. juni til 15. september blei det i alt fiska 166 laks med totalvekt på 545,4 kg.

37 (99,5 kg) av 166 var, ifølgje det som er innrapportert, oppdrettslaks. Analyse av innsendt skjelprøver vil gi sikkert svar.

I tillegg blei det fiska 45 sjøaure (fredag, sett ut igjen) med totalvekt 39,7 kg og 32 regnbogeaure med totalvekt 49,5 kg.

– Det er ikkje fanga pukkellaks i år, noko som heller ikkje var venta, då dei har syklus på to år.

Etter sesong, før 7. oktober, er det i tillegg tatt ut 32 oppdrettslaks frå 0,5 kg til 3,5 kg, og 7 regnbogeaure.

Flest under 3 kilo

Fangsten på 166 laks fordeler seg på denne måten:

• Det er avliva 79 tert (laks under 3 kilo), med totalvekt 140,3 kg, 62 mellomlaks med totalvekt 287,1 kg og 10 storlaks med totalvekt på 80 kg.

• Det er sett ut 10 tert med totalvekt 15 kg, 5 mellomlaks med totalvekt 23 kg og ingen storlaks.

Totalt er det altså gått på kroken 89 tert med totalvekt 155,3 kg, 67 mellomstor laks med totalvekt 310,1 kg og 10 storlaks med totalvekt 80 kg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.