Lokal | 01. juni 2018

Totland Melvold blir helse- og omsorgssjef

Monica Totland Melvold (47) er tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg i Os, og etter kvart, Bjørnafjorden kommune.

Totland Melvold blir helse- og omsorgssjef
Monica Totland Melvold blir ny kommunalsjef for helse og omsorg (pressefoto: Os kommune)
Andris Hamrefredag 01. juni 2018 09:46

Då Nils-Petter Borge gjekk frå stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Os kommune for å bli rådmann i Fusa kommune, valde Os kommune i påvente av kommunesamanslåinga å ikkje tilsetta ein etterfølgjar. I staden fekk kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, også dette som sitt ansvarsområde.

Etter kvart som prosjektet med å slå saman Os og Fusa har skride fram har rådmann og prosjektleiar Christian Fotland sett behovet for å få på plass kommunalsjefstillinga igjen.

Fredag blei det kjend at Monica Totland Melvold er tilsett i stillinga.

– Eg er glad, audmjuk og spent, seier Totland Melvold i ei pressemelding frå Os kommune.

Gjorde osing av seg

Monica Totland Melvold begynte som assisterande einingsleiar for Tenester for utviklingshemma i Os kommune i 2016. I januar 2018 blei ho prosjektleiar i kommunesamanslåingsprosjektet for tenesteutviklingsområdet, som omfattar helse, omsorg, oppvekst og kultur.

– Eg føler det er ein stor fordel at eg alt har fått eit godt innblikk i mange av tenestene på helse- og omsorgsfeltet. Samstundes føler eg behov for å bli endå betre kjent med enkelte tenester, og har planar om å få til ei slags hospiteringsordning i løpet av sommaren/hausten. Eg har ikkje alle planar klare – eg har jo nettopp fått beskjed om at jobben er min, ler Monica, som bur på Halhjem saman med mannen Atle, og er mor til Daniel (25) og Marius (21). Bergensarane gjorde osingar av seg i 2014 og har ikkje angra.

Glad og nøgd rådmann

Rådmann Christian F. Fotland er glad for at Totland Melvold har takka ja til stillinga.

– Eg er sikker på at Monica vil trivst i rolla og finne balansen mellom utvikling og stabil drift for dette store og svært viktige området. Eg er glad ho takka ja til stillinga, seier rådmann Fotland i pressemeldinga.

Monica Totland Melvold startar formelt i den nye stillinga i august. Ho vil truleg kombinere stillinga som kommunalsjef med prosjektleiarrolla i kommunesamanslåingsprosjektet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.