Trafikksikring langs fv 125 Holsundvegen
DEBATT: Bruk overskuddsmasser på Samnøy industriområde til snarast å lage trygg veg for mjuke trafikanter.

Eg meiner at kommunen må nytta overskuddsmasser på Samnøy industriområde til snarast å lage trygg veg for mjuke trafikanter langs fylkesveg 125 Holsundvegen, spesielt frå bussrundkøyringa til Holmefjord nærbutikk.
Her er det smal veg med liten plass til gåande. Det er difor svært viktig å sette fokus på ferdselen til dei som bur i området no når tungtrafikken aukar. Vi har for få barn i området og ingen å mista!
Det er berre nokre få meter som må lagast til, og planen er allereie utarbeidd av ABO.
Eg vil arbeide for at Bjørnafjorden kommune snarast tek kontakt med Vestland fylkeskommune og med næringslivet for å få til eit spleiselag så dette kjem på plass så fort som mogleg.
Uansett kven som vert ordførar etter valet så vil eg og KrF følgje opp denne saken.
Kommuna må fokus på dette no når Samnøy industriområde er komen på plass.
Bjarte Samnøy
2. kandidat for Bjørnafjorden KrF
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.