Lokal | 18. mars 2021

Trafikksikring: Tre tiltak får midlar frå fylket

Vestland deler ut totalt 12 millionar kroner.

Trafikksikring: Tre tiltak får midlar frå fylket
Det omsøkte vegstykket er frå Lepsøykrysset ned til kulverten. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. mars 2021 09:45

Trafikktryggingsutvalet i Vestland har vedtatt å dela ut 10,6 millionar kroner til fysiske trafikktryggingstiltak og 1,4 millionar kroner til ulike trafikktryggingsaktivitetar i fylket.

– Målet er å styrka trafikktryggleiken i kommunane våre. Kommunane sit på viktig kunnskap om dei lokale utfordringane. Difor er det kjekt å få lov til å dela ut pengar til tiltak som vil komme mjuke trafikantar til gode, seier leiar av trafikktryggingsutvalet, Jannicke Clarke i ei pressemelding i dag.

500.000 til fortau ved Lunde barnskule

I Bjørnafjorden kommune er det eitt tiltak og to arrangement som får midlar frå fylket i denne omgangen.

Vestland gir 500.000 kroner til fortau langs den kommunale vegen Nilsavegen. Store delar av Nilsavegen har fortau, men ikkje heile.

OPPDATERT: Midtsiden antyda først at det var stykket opp mot Lunde barneskule som skulle få fortauet, men har fått opplyst at det er i motsett ende av Nilsavegen, ved Lepsøykrysset og ned til kulverten/tunellen under E39.

Det omsøkte vegstykket er frå Lepsøykrysset ned til kulverten. (Foto: Ørjan Håland)
Det omsøkte vegstykket er frå Lepsøykrysset ned til kulverten. (Foto: Ørjan Håland)

– Eg er kjempenøgd! Vi skulle gjerne hatt meir, men tar med oss det vi får, seier leiar for trafikksikringsutvalet i Bjørnafjorden kommune, Terje Sperrevik (Sp).

Han kan foreløpig ikkje seia noko om tidspunkt for realisering.

– Vi har nokre kroner igjen å dela ut til fysiske tiltak, men dette må opp i utvalet før vi veit kva som blir realisert kor tid.

«Sykkelkids» får støtte

Dei to trafikkskringsaktivitetane i Bjørnafjorden kommune som får støtte er:

Lysekloster barneskule - «Sykkelkids»: 13.000 kroner

Bjørnafjorden kommune - Sykkelopplæring: 22.500 kroner

Mange søkjarar

Samla er det søkt om drygt 20 millionar kroner i tilskot til fysiske tiltak frå ramma på 10,6 millionar kroner. I alt kom det inn 53 søknadar frå 27 kommunar.

– Alle tiltaka det er søkt om har vore gjennom ei fagleg vurdering, som mellom anna har sett på risiko, betyding for trafikktryggleiken og kost-nytte.

– Tiltaka rettar seg i hovudsak mot mjuke trafikantar og utforkøyringsulykker, seier Clarke.

I trafikktryggingsutvalet sitt budsjett er det også sett av to millionar kroner til trafikktryggleiksaktivitetar. Her kom det inn 36 søknadar, der 1,4 millionar kroner blir fordelt på 35 ulike arrangement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.