Politi | 09. okt. 2025

Trafikkuhell ved Gymnasveien

Nødetatane er på veg til staden.

Trafikkuhell ved Gymnasveien
Politi og ambulanse er no på staden. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. okt. 2025 13:59

Politiet opplyser klokka 13.57 om trafikkuhell i Idrettsvegen.

– Det er ei påkøyrsle bakfrå, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Nødetatane er på veg til staden.

Oppdatert: Det er ikkje i Idrettsvegen, men på Byvegen nær Gymnasveien uhellet skjedde. To varebiler har kollidert. Politi og ambulanse er på staden.

Begge bilane hadde retning frå Os. Den eine skulle inn Gymnasveien, og bremsa for å venta på ledig luke. Bilen bak klarte ikkje å stoppa.

– Dei involverte personane framstår som uskadde, opplyser politiet på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om