Lokal - 15. mars 2021
Trafikkuhell på Halhjemsvegen


Kjetil Osablod Grønvighmandag 15. mars 2021 07:53
Klokka 08.38 kom det melding om eit mindre trafikkuhell på Halhjemsvegen.
Dette melder Vest politidistrikt på Twitter.
Uhellet skal ha skjedd ved rundkøyringa mellom Halhjemsvegen og Bjørnavegen (Kjeldevegen).
Det skal kun vera snakk om materielle skadar, og det er kun éin bil involvert i hendinga.
Det er ikkje meldt om trafikale problem på staden, og på Google Maps sin samtid-funksjon ser det ikkje ut til å vera køar i området.