Politi | 03. feb. 2023

Trafikkuhell på Strønevegen

– Svært glatt på staden.

Trafikkuhell på Strønevegen
Bilen enda på sida nær Strønebrua. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2023 15:17

Vegtrafikksentralen melder klokka 16.13 om eit trafikkuhell på Strønevegen.

– Det er redusert trafikkflyt i området, opplyser dei via Twitter.

OPPDATERT kl 17.00: Vegen er open for normal trafikk igjen.

Retting: Vi fekk først opplyst at uhellet skjedde nær Strønebrua, på fastlandet, men bilen ligg velta på sida på Strøno, nær brua.

Kø frå Askvik mot brua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kø frå Askvik mot brua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein bil har køyrd i fjellveggen. Det er éin person involvert, og vedkomande framstår som uskadd, opplyser politiet.

Det skal ha vore glatt på staden.

– Det kan vera glatt andre stadar òg. Køyr forsiktig!

Eit vitne på staden fortel at det er svært glatt.

– Det er dårleg salta, men det har vore dårleg vedlikehald på denne vegen i heile vinter, synest vedkomande.

Bilen skal ha hatt retning Strøno då den kom over brua og køyrde utfor og velta.

Bilførar kom frå det utan alvorlege skadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.