Politi | 03. mai 2022

Trafikkulykke i Nilsavegen

Ingen skadd då to bilar kolliderte nær Lepsøykrysset.

Trafikkulykke i Nilsavegen
Foto: Thea Forstrønen Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mai 2022 16:39

Tysdag rundt klokka 18.15 opplyste 110-sentralen om trafikkulykke på Nilsavegen.

Nilsavegen går frå Lekvenvatnet til Lepsøyvegen, nær krysset med E39.

– Eg er ikkje på staden sjølv, men har fått opplyst at det såg ut som ein frontkollisjon, seier vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning.

Politiet er også på staden.

– Ingen av bilførarane er alvorleg skadd. Eg har ikkje informasjon om at det var passasjerar i bilane, seier operasjonsleiar Knut Dahl i Vest politidistrikt.

Bildeserie:

1 av 2

Det skal ikkje vera mistanke om verken promillekøyring eller køyring utan gyldig førarkort.

– Men det er mogleg at det er snakk om brot på vikeplikt.

Vegen opna for trafikk klokka 18.33.

– Men det er noko etterslep, seier Dahl klokka 18.36.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.