Lokal | 17. aug. 2020

Trafikkulykke på Lunde

Tre bilar involvert i kollisjon på E39.

Trafikkulykke på Lunde
Tre bilar er involvert i ulykka. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. aug. 2020 11:51

Måndag klokka 13.43 fekk politiet melding om ei ulykke på E39 Halhjemsvegen.

– Det er ei påkøyrsle bakfrå. Skadeomfang er foreløpig uvisst, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Dei oppdaterer med at tre bilar er involvert. Éin person er lettare skadd.

Eit vitne fortel at bilane hadde retning Os då samanstøyten skjedde. Ein mørk Mazda skal ha køyrd i hekken på ein VW Golf. I tillegg skal det ifølgje politiet vera ein tredje bil involvert.

Samanstøyten skjedde nær avkøyrsla til Lunde og Lekven.

– Det ser ut som om det er éin person i kvar bil. Nokon som såg ut til å vera frå kommunalt helsevesen var i nærleiken, og kom til for å hjelpa, fortel ein innringar som kom i bil nummer to bak dei som kolliderte.

Klokka 13.54 blei eitt av køyrefelta ope, og det er dirigering på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.