Lokal | 25. juli 2019

Trafikkulykke på Søfteland

Bil traff fjellveggen - bilførar til legevakt - ulykkesstaden er no rydda.

Trafikkulykke på Søfteland
I ettermiddag var det ei trafikkulykke på E39 på Søfteland. Ulykka skapte ein del køar i området. (Ill.foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 25. juli 2019 18:06

Rundt klokka 16.30 var det ei trafikkulykke på E39, like sør for brua til Tømmernes.

BT.no melder at ein personbil hadde treft fjellveggen, og at føraren som var lettare skadd i ulykka, vart køyrd til legevakt.

Ulykka skapte ein del kø og trafikale problem i området.

Like før klokka 18 melder Statens vegvesen at det no er rydda etter ulykka, og det er venta at køane i området raskt vil løysa seg opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.