Lokal | 15. okt. 2013

Trafikkulykke ved Lunde

Brannvesen, politi og ambulanse rykte tysdag ut til trafikkulykke i krysset ved Lunde-Lekven på E39.

Trafikkulykke ved Lunde
Trafikken blei dirigert forbi ulykkesstaden (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 15. okt. 2013 13:17

Like etter klokka 15 tysdag ettermiddag kom det melding om ei trafikkulykke på E39, Halhjemsvegen, like ved Lunde skule.

– Det skal vera ein påkøyrsel bakfrå.

– Det er ikkje meldt om personskade, men det er trafikale problem, melder operasjonssentralen i Hordaland på Twitter.

Fartsgrensa på staden er 70 km/t.

Ulykka skjedde i retning sør mot Halhjem. Tre personar skal ha vore involvert i ulykka.

Materielle skadar

Ein eldre Mercedes har fått relativt store materielle skader i fronten.

Den andre bilen som er involvert, ein Subaru skal vera lettare skadd i hekken.

– Trafikken blir no dirigert forbi ulykkesstaden og går fint forbi, fortel Midtsiden sin mann på staden.

Den ikkje køyrbare Mercedsen blei frakta vekk av bergingsbil.

Om lag på same plass skjedde ei møteulykke i midten av august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.