Trafikkulykke ved Ulvenkrysset
To bilar har kollidert på E39 ved Ulvenkrysset. Tre personar var involvert, men ingen skal ha blitt fysisk skadd.
Klokka 14.04 meldte 110-sentralen om ei trafikkulykke ved Ulvenkrysset. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut på meldinga.
– Trafikkulykke ved Ulvenkrysset. 2 biler involvert. Ein del materielle skadar, heiter det i twitter-meldinga.
Ingen personskade
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fortel at ulykka har skjedd på E39 Byvegen ved Ulvenkrysset like før UnoX.
– Ein bil skal ha kome over i motsatt køyrebane. Det er tilsaman tre personer i dei to bilane, men ingen av dei skal vera skadd, utover at den eine mogleg har fått sjokk.
– Bilane sperrar vegen, men brannvesenet bistår med å flytta dei slik at det igjen skal bli passasje.
Ulykka gjorde at E39 var sperra ei stund. Den opna igjen 14.27.