Lokal | 17. des. 2015

Trafo-brann på Bjånes

28 hus blei straumlause rett før Noreg – Montenegro onsdag kveld.

Trafo-brann på Bjånes
Ei lågspenttavle blei skadd i brann i trafo-stasjon på Bjånes onsdag kveld. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. des. 2015 07:59

Os brannvesen, BKK og politiet rykte ut til Bjånesvegen onsdag i 20.40-tida.

– Det var ein liten brann i ein transformator, fortel Magnus Kvalheim Askvik frå Os brannvesen.

Då BKK hadde kopla ut straumen fekk han ein enkel sløkkejobb.

Fekk aggregat i natt

28 hus på Bjånes blei utan straum resten av kvelden.

– Vi kopla inn aggregat klokka 1.30 i natt.

– Desse 28 er kopla til aggregatet fram til vi har reparert den skadde lågspenttavla, fortel Anne Mette Tuvin frå BKK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.