Lokal | 26. feb. 2020

Trakasserte ein butikktilsett - prøvde å selja medisin til ungdomar

Ein mann blei køyrd i arresten etter tre episodar i Os tysdag kveld.

Trakasserte ein butikktilsett - prøvde å selja medisin til ungdomar
Mannen blei pågripen i Os sentrum, etter kveldens tredje episode. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. feb. 2020 08:28

Tysdag ettermiddag blei politiet tilkalla av ein tilsett ved ein daglegvarebutikk på Amfisenteret.

– Ein mann hadde oppsøkt ein kvinneleg tilsett, vore nærgåande, tatt ho på låret og sagt at han var ein «bad boy», fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den tilsette vil melda forholdet. Då han gjekk frå butikken stal han med seg nokre varer.

Mistenkte er ein mann i 40-åra. Politiet rykte ut og tok avhøyr på staden.

Klokka 19.50 fekk politiet melding om at same person hadde gått innom ein pizzarestaurant på veg til Os, og oppført seg på ein måte som fekk dei tilsette til å føla seg utrygge. Klokka 21 om kvelden blei han observert i Os sentrum.

– Då var han med ein gjeng ungdomar, fem personar i ungdomsskulealder. Ungdomane skal ha fått tilbod om å kjøpa medisin av han.

Foreldra blei kontakta og ungdomane blei henta. Mannen i 40-åra blei køyrd i arresten.

Stoppa på Halhjem - mistenkt for køyring i rus

Litt før klokka 17 tysdag blei ein bilist kontrollert på Halhjem ferjekai.

Han var mistenkt for køyring i rus, og hurtigtest på narkotika gav utslag. Vedkomande, ein mann i 40-åra frå ein annan kommune enn Bjørnafjorden, blei tatt med for å ta blodprøve.

Det blei ikkje tatt førarkortbeslag i går, men det er oppretta sak.

Utfordrande forhold rundt skuletomta på Hjelle

Politiet fekk i går melding frå to ulike personar som fortel om utfordrande trafikkforhold i samband med tungtransport til og frå skuletomta til Borgafjell barneskule.

– Den eine fortel at lastebilane køyrer fort, etter observasjon av ein ung fotgjengar ved Lyssandfabrikken som måtte ut på eit jorde då ein lastebil kom susande.

– Den andre seier at vegen inn mot Hjelle har fått så svekka vegskuldre av tungtransporten at vegen har blitt smalare, og det ikkje lenger er plass til to personbilar i breidda.

Politiet vil kontakta entreprenør, og vil i tillegg vurdera å redusera fartsgrensa på delar av Hegglandsdalsvegen i samband med byggeprosjektet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.