midtsiden

Tråkka på hoggorm

– Vi var nok heldige som ikkje blei biten, seier Anne Jørgensen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bli varsla om siste nytt:
Følg oss på Facebook

Søndag ettermiddag fekk to turgåarar seg litt av ei overrasking. Anne Jørgensen og ei nabodame skulle ta seg ein runde rundt Ulvenvatnet då dei brått fekk eit giftig kryp mellom beina.

– Vi oppdaga ikkje ormen før naboen min tråkka på den. Ho sa ho kjente at underlaget plutseleg kjentes litt rart ut, fortel Anne.

Kvinna hadde med seg hund, men den var det ikkje mykje hjelp i. Den såg nemleg ikkje ut til å registrera at det låg eit dyr på stien.

– Eg veit ikkje kvifor den ikkje beit, men kanskje ho tråkka nær hovudet.Samstundes såg den ikkje skadd ut, den bukta seg fint etter at vi hadde passert.

Kvinna som tråkka på ormen gjekk med joggesko så leggen sto klar for hogg.

– Heldigvis gjekk det bra! Men vi gjekk heile resten av turen og følgte nøye med på kva som var på bakken framfor oss, ler Anne.

 

Fleire saker