Kultur | 30. mars 2018

Trang Fødsel og Ausekarane kjem

Både Trang Fødsel og Ausekarane blir å sjå på Tysnesfest til sommaren.

Trang Fødsel og Ausekarane kjem
Hans Petter Aaserud og Trang Fødsel kjem til Tysnesfest (pressefoto)
Andris Hamrefredag 30. mars 2018 07:20

Bildeserie:

Det gjer også Ausekarane (pressefoto)
Det gjer også Ausekarane (pressefoto)
1 av 1
Det gjer også Ausekarane (pressefoto)

Sidan starten i 1992 har Trang Fødsel fora det norske folk med den eine sommarhiten etter den andre. Det er nok å nevne «Drømmedame», «Fredag», «Kursiv» og «Hybel», som er fire av bandets aller mest kjente låter så ringer det nok nokre bjeller hos dei aller fleste.

– Endeleg kan me ynskja Trang Fødsel velkommen til Gjerstad Arena, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Tysnesfest i ei pressemelding.

Trang Fødsel vart skipa av musikkstudentane Hans Petter Aaserud og Jørund Fluge Samuelsen i Bergen. Gjennom hundrevis av konsertar og hyppig radiospeling har dei vunne eit stort publikum.

I 1997 var dei nominert til Spelemannsprisen med låten «Kursiv».

Frontfigur Hans Petter Aaserud er med på årets sesong av «Hver gang vi møtes» på TV2, og i januar slapp dei singelen «Jeg er faen meg det beste som har skjedd deg».

Ausekarane i Bermudateltet

Ausekarane har vitja Tysnesfest ein rekkje ganger tidlegare.

– Det blir ikkje sikkeleg Tysnesfest utan show med Ausekarane i Bermudateltet. Difor har me invitert Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den galne gjengen til kvar einaste Tysnesfest dei siste åra. No kan me avsløra at dei kjem tilbake også i 2018, seier Vaage.

– Ausekarane er like glade i Tysnes som me er i dei. For nokre år sidan skreiv Tor Endresen ein song til øya vår då han sat og roa ned ute i Skiparvika ein sein nattetime. Året etter hadde «Tysnes» verdspremiere i Bermudateltet, og vakrare stund kan me ikkje minnast å ha vore med på.

– No kan du berre gle deg til gjenhøyr med «Måsa», «Fin i bikini», «Farande fant», «Ausedansen» og sjølvsagt verdas vakraste hyllest til Tysnes.

Til årets Tysnesfestival kjem Ausekarane med eit spesiallaga «Best of Ausekarane». Ausekarane består av Bjørn Jensen (sang/gjøgling/gitar), Tor Endresen (sang/gjøgling/gitar), Espen Vågstål (trommar), Tore Mæhle (bass/kor), Svein-Tore Hindenes (trekkspel/tangentar/kor) og Jan Arne Knutsen (gitar/mandolin/banjo).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.