Næringsliv | 04. okt. 2018

Trappar opp i Brugata

Mens naboane flyttar på seg aukar Dysvik Clothing satsinga.

Trappar opp i Brugata
Kay André og Tanya Dysvik byr på kolleksjonar du berre finn i eit utval av butikkar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. okt. 2018 20:56

I midten av november er det to år sidan ekteparet Tanya og Kay André Dysvik opna butikk i Brugata.

– Drifta har gått bra. Auka turisme gjorde at også sommarsesongen blei fin, fortel Tanya.

Mens naboen Capri Restaurant har flytta ned på gateplan, og kome nærmare, skal Apotek1 flytta ut av Brugata og inn på Øyro.

– Det er synd at apoteket skal vekk, men kjekt at vi har fått Capri nærmare. Det kan auka trafikken forbi butikken vår.

Auka innsats - auka storleik

Tanya har jobba med klede og interiør sidan 2011, både i Ukraina, der ho kjem frå, og i Noreg.

No vil også Kay André, som er medeigar, men har ein annan jobb på dagtid, engasjera seg tettare i drift av butikk og nettbutikk.

– Fleire av merka våre, og kolleksjonane vi har i butikken, er populære og kan vera vanskelege å få tak . Vi trur nettbutikken kan bli endå viktigare for oss i tida som kjem, seier Kay André.

Den siste tida har butikken fått både utvida lagerplass og ny innreiing langs vegg og glasfasade.

Handplukka utval

Dysvik har vore tru mot konseptet, og kategoriane dei har valde ut, men seier at nedslagsfeltet er ganske stort.

– Til damer har vi blant anna Moss Copenhagen, NORR og Cocouture, og rekk med det ut til både jenter og godt vaksne kvinner.

– Til gut og herre er Adidas blant bestseljarane, her kjem det inn nokre kolleksjonar du berre får på utvalde stadar. Levi’s er i vinden som sjeldan før, og går til alle aldrar, samtidig har vi inne nokre urbane kolleksjonar frå Fila og Ellesse som er veldig populære til ungdom.

Tanya og Kay André ser lyst på den komande mørke årstida, og gler seg òg over ny, komande nabo.

– Det er kjekt at motebutikken Duga skal opna i den nye delen av det tidlegare bankbygget. Vi planlegg å laga moteshow saman i november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.