Lokal | 05. nov. 2020

Trassa anbefalingar: Sånn opplevde dei helga

– To ting skal til for at dette fungerer vidare.

Trassa anbefalingar: Sånn opplevde dei helga
Bjarte Andersen og Jostein Eck fortel korleis dei erfarte helga som var. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. nov. 2020 10:12

Onsdag i førre veke kom Bjørnafjorden kommune med nye anbefalingar i samband med auka koronasmitte og nye anbefalingar og forbod i Bergen kommune.

Blant desse: Serveringsstadar som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjestar/serverer ikkje brennevin etter klokka 24.

Men; dette var ei anbefaling, ikkje eit påbod/forbod, slik det er i Bergen.

– Det skal vera trygt hos oss, men på vår måte, sa Bjarte Andersen på vegne av Catten Nightclub og Elvehuset.

Catten bestemte seg for å skjenka brennevin etter midnatt, begge opna for innslepp av gjestar etter midnatt.

Innehavar skal verken ha fått reaksjonar på intervjuet eller på eposten han sendte til kommuneleiinga, der han fortalte om planane for helga.

Sa stopp på 50 gjestar

Catten stengte 1 av 3 avdelingar og køyrde skjerpa smittevern.

– Natt til søndag sa vi stopp på 50 gjestar, då var det folk som blei nekta i døra. Dette var i 01-tida. Nokre gjekk, så vi slapp inn fleire nærmare 02.

– Gjestane oppførte seg fint, dei viste forståing for tiltaka vi har innført og dei var takksame for at vi sleppte inn folk etter midnatt.

– Ikkje så kjekt å gå ut

Sjølv om folk var nøgde med både tiltak og innslepp, kom det kommentarar om at det ikkje var så kjekt å gå ut lenger.

– «Veit du kvifor?» spurde eg. «Fordi vi er flinke». Han skjønte det.

– Samtidig forstår eg at det er ei anna stemning no, enn til vanleg, når folk går ut.

– Skal dette fungera framover er det to ting som må til; vi må halda fram med godt smittevern og gjestane må ha dei rette forventningane. Det er ikkje dansing og klemming for tida, det er pubkveld vi har å by på.

– Ta ansvar, ta rekninga!

Hos Elvehuset (tidlegare Baronessen) var det laurdag utselt på Texmanians-konsert.

– Derfor var det lite behov for innslepp etter midnatt, forklarer Jostein Eck.

– Vi hadde god kontroll inne, og berre nokre få gjestar som var uforsiktige og trengte tilsnakk.

Han er lite nøgd med måten føringane frå stat og kommune blir servert.

– Eg synest det er feigt å koma med anbefalingar, og så legga ansvar og risko på oss små aktørar. Vi tar oppgåva på alvor, men om nokon hadde blitt smitta så ville vi nok blitt hengt ut.

– Eg synest regjeringa kunne vore tydeleg! Stengt ned i fire veker og ta rekninga, så er vi ferdig med det. Det har dei pengar til, dei har ikkje brukt opp alle midlane dei i vår skrytte av at dei skulle dela ut.

Justerer seg til komande helg

Midtsiden snakka med Andersen onsdag kveld. Då var han innstilt på frivillig å redusera opningstidene til 01.30, med stenging av baren klokka 01, då det no er færre gjestar enn før.

– Quiz og sportsbar går som før, men vi har inntrykk av at mange vil halda seg heime i vekene som kjem.

I dag er det venta at regjeringa kjem med skjenkestopp ved midnatt. Fleire lokale tiltak og innskjerpingar kan koma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.