Næringsliv | 23. des. 2009

Travel 10-åring

Vinmonopolet Os har auka kvart år sidan opninga 1999, bortsett frå eitt. Vesle julaftan er ein av dei travlaste dagane i året.

Travel 10-åring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. des. 2009 09:50

Gåveeskene blir nærmast kasta over diskane på polet, desse dagane før jul er dei travlaste i året.

- Vi startar desember roleg, med dei eldre, som har god tid. No kjem dei unge og travle, og dei handlar ikkje berre til seg sjølv, seier butikksjef Einar Øvreberg.

Varer frå polet er populære som gåver, heldigvis for mange er julaftan i år i slutten av veka. Likevel er det nokon som bommar kvart år, vinmonopolet er ikkje ope julaftan og nyttårsaftan.

Jamn vekst
Os fekk vinmonopol 30. september 1999. Bemanninga har sidan auka frå knappe to årsverk til 4,5 årsverk, frå éi til to faste stillingar, og no fire på deltid og tre faste ekstrahjelper.

- Vi har auka omsetnaden kvart år sidan opninga, bortsett frå det året Lagunen fekk polutsal, det året blei likt som året før.

Fleire variantar
Då Vinmonopolet Os var 4-5 år passerte dei ei omsetnadsgrense som gjorde at dei endra status, frå grunnsortiment til hovudsortiment.

- I 2010 kjem nye kategoriar og nye måtar å rekna dette ut på. Vi hamnar i kategori 4 av 7, omsetnad mellom 200.000 og 350.000 liter i året. Vi hamnar like under 300.000 i år, så kategori 5 er ikkje langt unna, trur Einar.

Det han set mest pris på med dei nye retningslinjene er friare tøyler til å plukka utvalet sjølv.

- Det er ganske likt, kva vi sel mykje av vi på Vestlandet. Men frå region til region er det store forskjellar, så då er det kjekt å kunna tilpassa utvalet endå betre til kundene.

Sommarpolet Os
Då Os skulle få vinmonopol var det heftige diskusjonar kvar dette skulle ligga. Øvreberg er nøgd med at det hamna i Irisgården i Os sentrum.

- Vi får ofte tilbakemeldingar som går på at folk set pris på at vi er så tilgjengelege. Ikkje berre med båt, men med bil, det er også noko for eksempel folk frå Fana set pris på.

Saman med desember er juni og juli viktige månadar for polet på Os.

- Det er nokre få utsal i skjergarden på Austlandet som har tilsvarande omsetnad som oss om sommaren. Desember er størst, men sommarmånadane våre er heilt spesielle, seier Einar Øvreberg.

Feiring på Vedholmen
Det blei også sommarlege omgjevnadar då 10-årsdagen skulle markerast. Det skjedde på "museumsloftet" i Vedholmen Landhandel.

- Då samla vi tilsette med partnarar, og nokre inviterte som var med i starten, til ei hyggeleg stund med mat og drikke, seier polsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.