Det var kø utanfor då dørene opna klokka 10 i dag. (Foto: KVB)

Travel opning av Os' største Kiwi

Etter sju intense veker med full ombygging er Kiwi Idrettsvegen no i drift.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars i fjor blei det klart at Rema 1000 ikkje fekk fornya leigekontrakten i Idrettsvegen. I april stengte dei dørene, men leigekontrakten varte ut året.

Ny leigetakar, Norgesgruppen, slapp først til i lokalet 1. januar i år.

– Butikken er ny frå topp til tå, ny fasade, nytt golv, nytt elektrisk anlegg og ein stor operasjon med skifte av freon-kjøl, som blir forbode frå 2025, til moderne CO2-drive kjøleanlegg til rundt tre millionar kroner.

– Handverkarane fekk nokre intense veker, men kom i mål til planlagt opningsdag, seier regionsjef Jan Olav Mjøs.

Mens dei tre andre Kiwi-butikkane i Os ligg i nybygg, har Kiwi Idrettsvegen flytta inn i lokale som har husa daglegvarehandel sidan 1973.

Kiwi Idrettsvegen ser kanskje ikkje så ruvande ut, men har det største salsarealet av alle fire, 848 kvadratmeter mot Haugsneset på 842, Gudriflaten på 816 og Moberg på 814.

Veteran og huseigar nøgd med resultatet

Huseigar Dagfinn Askvik har vore i bransjen sidan 60-talet, først som tilsett hos Bjarne Drageset, som han blant anna dreiv ein butikk i Odda for, seinare blei han rekruttert til Kløver-Sundt av osingen Kåre Lekven.

– Ekteparet Bryn hadde drive for seg sjølv i Bavallen før dei kom til Os. Vi i Kløver-Sundt tok kostnaden med å bygga butikken, mens Bryn sto for drifta.

Først var det «Prima», seinare kom Askvik Mat.

– Då eg slutta i Kløver-Sundt i 1981 fekk eg kjøpa ut fire butikkar, denne i Idrettsvegen saman med Søfteland og to i by'n. Bransjen har blitt stadig betre, men det har vore gøy heile tida.

– Kiwi-gjengen fekk frie tøylar, og det er eg glad for. Eg synest butikken har blitt veldig fin, sjølv om eg kunne spart meg for å mala fasaden i haust, ler Dagfinn.

Fasaden er skifta i løpet av dei siste dagane.

14 tilsette

Kiwi Idrettsvegen har fått lokal butikksjef, osingen Ole Tarjei Sørås har jobba for Kiwi sidan 2011, sist som assisesterande butikksjef på Gudriflaten.

Med seg har han fire på fulltid og i alt 14 tilsette.

– Eg synest butikken har blitt veldig fin, og det er veldig kjekt at vi har så godt besøk heilt frå start. Eg er glad eg òg har fått med meg nokre av dei som har jobba i dette lokalet før. Det trur eg kundane vil lika òg, seier Ole Tarjei.

Nokre av dei første kundane som kom inn døra var gymnaselevar.

– For oss som har lappen har det gått greit, vi har køyrd til butikkar som har varm mat i disken mens dette lokalet har vore tømt. Men det er nok mange elevar som har sakna å ha butikk så nær skulen, seier tredjeklassingen Kay Milan Goitowski.

Fleire saker