Travel opning i nytt lokale
Os Blomsterservice har blitt dobbelt så stor.


Bildeserie:
Etter 10 år på Torget blei det i september klart at 30 år gamle Os Blomsterservice skulle flytta til større lokale.
I dag auka dei frå 70 til 154 kvadratmeter i Sentrumskvartalet.
– For det første hadde vi behov for meir luft mellom varene vi allereie hadde, for det andre har vi fått plass til utvida utval, seier dagleg leiar Eli Skeie.
Ny blomsterkjøl, gåveartiklar frå Lea og meir sjokolade og anna snacks frå Amundsen i Haugesund er blant det som er nytt.
– Mange som kjøper blomar, spesielt om det er til menn, liker å gi noko i tillegg. Eit utvida utval av gåveartiklar er etterlengta, seier ho.
Gustav tar ferie - Terje passar på rådhuset
Alle dei fire tilsette er på plass på opningsdagen, og kundane har strøymd på i opningstimane.
– Vi er ikkje ferdig å flytta ut av gamlelokalet, men det nye var heldigvis klart nok til at vi kunne opna til planlagt tid, seier innehavar Marianne Holmefjord.
Den karakteristiske gorillafiguren «Gustav», som har ruva utanfor butikken på Torget i sommar, er førebels ikkje på plass i utstillinga.
– Han skal på lang juleferie i Øyane, som vanleg, men kjem på vakt igjen til våren, lover Marianne.
Ein annan figur, hjorten «Terje», er derimot plassert fram, utandørs, mellom butikken og inngangen til rådhuset.
Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.