Sport | 30. juli 2019

Tre av fire er frå Os

Til helga startar Landsskyttarstevnet på Evje - der vil tre osingar skyta for Hordaland skyttarsamlag.

Tre av fire er frå Os
Hordaland skyttersamlag 2019 - Frå venstre: Adelheid Røttingen Møller, Daniel Myklebust Fjellstad - begge Os, Sindre Taule Sandstø, Seim, og Sofie Evensen, Os.
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 30. juli 2019 08:04

I 2016 vann Hordaland skyttersamlag den gjeve skytinga, den gang med Amalie Evensen på laget.

– Etter mykje god skyting i vår er fasiten no at Os skyttarlag har heile tre skyttarar på laget.

Dette fortel Jan Kristian Evensen frå Os skyttarlag.

– Adelheid Røttingen Møller, Daniel Myklebust Fjellstad og Sofie Evensen, alle frå Os, utgjer saman med Sindre Taule Sandstø frå Seim Hordaland skyttersamlag.

– Dei har alle gode resultat å visa til, men det er resultata frå to uttaksskytingar i vår som er grunnlaget for ein plass på laget.

Oppkøyring på oppkøyring

Skyttarmiljøet ligg ikkje på latsida sjølv om det er sommar og rekordvarme;

– Vi var på Gol i helga, og resultata syner god form, seier Evensen.

I dagane fram til Landsskytterstevnet startar skal Os skyttarlag vidare delta i Norgescup på Sørlandet.

Samlagsskytinga går av stabelen neste måndag.

Landsskytterstevnet (LS) er arrangert siden 1893 i regi av Det frivillige Skyttervesen (DFS). Det konkurreres med rifle i flere disipliner i alle klasser fra ungdom til veteran. Rundt 500 000 skudd fyres av ved hvert LS. Arrangementet flyttes rundt i landet og har 4000-7 000 deltagere hvert år.

300 000 skyttere har deltatt siden starten, og over 800 000 tilreisende har enten deltatt eller vært tilskuere. Premier for over 250 millioner kroner er utdelt på Landsskytterstevnet siden 1893. Det benyttes sølvbeger til premiering for innledende skytinger, hvor 1/3-del av de beste skytterne tildeles sølvbeger i alle skytedisipliner. Den største premien på LS har gått siden 1928, «Officerspokalen», og har en anslått verdi på ca. 250 000 kroner. Den tildeles den seniorskytter som har den beste 10-skudden på hovedskytingen.

Kilde: Det frivillige skyttervesen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.