Tre bilar skadd i kollisjon på Byvegen
Trafikken går som normalt på staden.

Torsdag klokka 16.23 rykte politi, lege, ambulanse og brannvesen ut på melding om kollisjon i Industrivegen.
Ulykka viste seg å ha skjedd på Byvegen ved avkøyrsle til Gudriflaten.
Tre bilar med til saman fire personar er involvert.
– Den eine blir sjekka av ambulansepersonell på staden, grunna nokre smerter, dei tre andre framstår som uskadde, opplyser politiet via Twitter.
Alle bilane hadde same køyreretning, frå Os mot rundkøyringa ved Meny og Uno X.
Det var kø på staden, så trafikken sto stille, men den bakerste bilen klarte ikkje å stoppa.
Bilen som blei påkøyrd bakfrå gjekk vidare inn i bilen framfor.
Artikkelen blir oppdatert når vi får meir informasjon frå politiet. Dei var opptatt i samtale med førar av den bakerste bilen, ein ung mann, mens vi var på staden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.