Hegglandsdalsvegen tidlegare i vinter. (Ill. foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Tre førerkortbeslag etter sladding og høg fart

To førarkort tatt i Dalen natt til laurdag, eitt tatt på Skeie laurdag ettermiddag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 00.35 natt til laurdag fekk politiet tips om sladding med bil på Hegglandsdalsvegen.

– Ut frå spor i snøen og opplysingar vi har frå andre, kan det sjå ut som om det har vore veldig uaksam køyring. Det ser og ut til at bilen har vore borti autovernet, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Patruljen fann ut kvar bilen hadde køyrd, og tok midlertidig beslag i førarkortet til to menn i 20-åra. Begge skal ha køyrd bilen.

Tre reaksjonar på Skeie

Laurdag frå klokka 13 til 15 hadde politiet laserkontroll på Skeisflaten, i 50-sona mellom skulen og Irgenskrysset.

Det førte til tre forenkla forelegg og eitt førarkortbeslag.

Vedkomande som mista lappen blei målt til 77 km/t, 2 km/t lågare fart så ville vedkomande framleis hatt førarkort.

Fleire saker