Tre generasjonar tok trist farvel

Laurdag blei siste dag for Osøyro Libris: 109 år gamle M K Olsen Bok- og Papirhandel AS har runda av.

Tre generasjonar: Merete Johnsen Bjørkeli saman med dottera Frøya og mora Rigmor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. mars 2018 10:30

Bildeserie:

– Dei har gjeve meg leselyst, seier kunde Ingrid Netland. (Foto: KVB)
Barnebøker har gått unna før siste opningsdag. (Foto: KVB)
Osøyro Libris 20 minutt før stenging siste dag. (Foto: KVB)
– Dei har gjeve meg leselyst, seier kunde Ingrid Netland. (Foto: KVB)
Barnebøker har gått unna før siste opningsdag. (Foto: KVB)
1 av 3
Barnebøker har gått unna før siste opningsdag. (Foto: KVB)
Osøyro Libris 20 minutt før stenging siste dag. (Foto: KVB)
– Dei har gjeve meg leselyst, seier kunde Ingrid Netland. (Foto: KVB)

M K Olsen Bok- og Papirhandel AS, som blei starta av Markus Kristian Olsen frå Tysnes 7. mai 1909, hadde laurdag sin siste opningsdag.

Dagens eigarar, Rigmor og Merete, har drive butikken sidan 1991. Dei siste seks åra har tredje generasjon, Merete si dotter Frøya, også jobba i bokhandlaren.

– I dag har vi vore her alle saman, også tilsette som i utganspunktet hadde fri, men som ville vera her den siste dagen, seier Rigmor Johnsen.

Ho fyller 86 år i år, og kan no pensjonera seg.

– Det har vore nokre triste veker med opphøyrssal. Salet har vore godt, men det har vore vemodig både for oss og for kundane. Alle seier dei er veldig lei seg for at vi stenger. Nokre har kalla butikken for ein institusjon.

Det var i slutten av januar i år at eigarane fortalte at dei no vil legga ned.

– Vi har leigekontrakt til mai, og vil betala for heile perioden. Vi ønskjer ikkje å slå selskapet konkurs, seier Merete.

– Dei gav meg leselyst

Ein av dei siste kundane i butikken var lokalpolitiker Ingrid Netland (Sp).

– Då eg gjekk i grunnskulen hadde eg ein lærar som drap leselysta mi. Ikkje før eg var ferdig med utdanninga mi byrja eg å lesa skjønnlitteratur igjen, og då var dei tilsette hos M K Olsen sentrale, fortel Ingrid.

– Dei har alltid vore så flinke til å finna bøker som passar meg, og dei har tatt seg god tid til å hjelpa.

Med seg ut døra hadde Ingrid dei tre siste bøkene gjengen hos Osøyro Libris kunne anbefala.

– I tillegg blei det kjøp av litt serviettar og anna som var store rabattar på.

Kva med resten av varene?

Merete fortel at leikar, spel og kontorutstyr var det første som blei handla i stort volum etter at opphøyrssalet starta i februar.

Omsetnaden i februar, spesielt første veka, har vore høgare enn i julehandelen.

– Det er tomt i mange hyller no, men ikkje i alle. Kva skjer med varene som er igjen?

– Vi skal vera her og rydda i nokre dagar, og døra vil stå på gløtt. I tillegg vil vi stilla ut på vårsleppet og marknadsdagane for å selja ut restvarene.

– Vi kjem nok òg til å gje vekk ein del bøker til ulike institusjonar. Det er ingen som har spurd om å få enno, men vi finn nok nokre passande mottakarar.

Mor og dotter Rigmor og Merete har jobba saman i over 20 år.

– Korleis blir det å ikkje vera kollegaer lenger?

– Vi bur nær kvarandre, og vi er ein del saman på fritida òg, så det kjem nok til å gå heilt fint, seier Rigmor og Merete.

Sentrumsutvikling

Selskapet har hatt redusert omsetnad dei siste åra. Frå 2007 til 2010 var nedgangen frå 7,5 til 5,4 millionar kroner - over 2 millionar redusert omsetnad i løpet av tre år, som del av nedtrappinga då butikken mista avtalen med innkjøpsordninga til vidaregåande skule. I 2010 var sal av skulebøker heilt vekke. Vidare har det gått meir jamt nedover til 4,6 millionar i 2016.

I pressemeldinga frå januar fortel eigarane at byggeperioden i Os sentrum har tatt på.

– Eg er flau på vegne av oss lokalpolitikarar for at vi ikkje har klart å legga betre til rette for handel på Osøyro. Vi har snakka om dette i 15-20 år, men først no har det skjedd noko, seier Netland.

– Baldakiner og fontener er flott, men det skulle kome for ti år sidan. Når det kjem til trafikk og parkering er det framleis kaos, meiner ho.

Selskapet M K Olsen kan bli selt.

– No ligg Osøyro der, så flott og nyoppussa, at vi trur handelen vil ta seg opp igjen i åra som kjem. M K Olsen treng heller ikkje vera rein bokhandel til evig tid, om nokon vil ta over bedrifta og driva noko anna, sa Johnsen Bjørkeli i januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.