Lokal | 15. sep. 2015

Tre inne på fylket

Terje Søviknes (Frp), Gustav Bahus (Frp) og Olav Kvinge (H) ser ut til å bli Os sine representantar i Fylkestinget. Nils-Anders Nøttseter (MDG) på varaplass.

Olav Kvinge (H), her i samtale med næringsminister Monica Mæland under valkampen på Amfi Os, kjem truleg inn på fylkestinget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. sep. 2015 07:53

Det var ikkje berre til kommunestyra folket skulle velgja sine representantar måndag. Også Hordaland fylke skal få nye politikarar til å styra dei neste fire åra.

Etter ei periode med Høgre og Frp i førarsetet, godt støtta av Venstre ser det no til å bli eit skifte i fylkestinget. Ap og MDG er dei store valvinnarane på fylkesnivået og får inn henhaldsvis fire og to fleire representantar meir enn dei har i inneverande periode.

Størst tilbakegang har Høgre som blir redusert frå 17 til 12 representantar i fylkestinget. Også samarbeidspartnarane i Frp blir redusert frå 8 til 7.

Tre frå Os

Fleire osingar har også stått på listene i fylkestingsvalet. Før personstemmene er telt opp og det endeleg resultatet kan det tyda på at vi får tre frå kommunen i fylkestinget dei kommande fire åra. Terje Søviknes og Gustav Bahus blir truleg å representera FrP. Olav Kvinge kjem truleg inn for Høgre. I tillegg ser det ut til at ein av dei lokale valvinnarane og nykommarane i politikken, Nils-Anders Nøttseter frå MDG blir andre varamann for sitt parti.

Resultata frå fylkestingsvalet

98% av stemmene er talt opp. Det ligg ann til ei valdeltaking på 57,9%. Her er fordelinga mellom partia i prosent. Talet på representantar i parentes.

AP - 33,5% (20)
H - 21,2% (12)
Frp - 12,1% (7)
KrF - 7,2% (4)
MDG - 5,6% (3)
SP - 6,3% (4)
SV - 5,0% (3)
V - 4,7% (3)
Raudt - 1,7% (1)
Andre - 2,8%

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.