Lokal | 21. aug. 2018

Tre kameratar om 25 dagar i villmarka

Bildeserie og video: Torbjørn, Marius og Morten med oppturar og overraskingar i Alaska.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. aug. 2018 21:00

Bildeserie:

– Landskapen i starten var så fint at vi starta turen med ein dag pause.
– Landskapen i starten var så fint at vi starta turen med ein dag pause.
Første padledag, fem dagar etter avreise frå Flesland.
Første padledag, fem dagar etter avreise frå Flesland.
Ulvespor.
Ulvespor.
Fjerde dag fekk dei endeleg fisk. Torbjørn var førstemann.
Fjerde dag fekk dei endeleg fisk. Torbjørn var førstemann.
Morten fann spor etter liv.
Morten fann spor etter liv.
Marius var den einaste som fekk aure.
Marius var den einaste som fekk aure.
Også gjedda blei middag.
Også gjedda blei middag.
– Grillrist er å anbefala når du skal laga mat på bål!
– Grillrist er å anbefala når du skal laga mat på bål!
Del av ein stor moskusflokk. Dyra følgde etter dei tre osingane.
Del av ein stor moskusflokk. Dyra følgde etter dei tre osingane.
«Groot» blei maskot.
«Groot» blei maskot.
Gutane såg bjørn to gongar. Dei rakk ikkje ta bilde den dagen han var nærmast.
Gutane såg bjørn to gongar. Dei rakk ikkje ta bilde den dagen han var nærmast.
Torbjørn, Marius og Morten.
Torbjørn, Marius og Morten.
Ved på veg.
Ved på veg.
Jubel: Midt i turen lurte Torbjørn fram ein pose med Toro pannekakerøre.
Jubel: Midt i turen lurte Torbjørn fram ein pose med Toro pannekakerøre.
Karibu.
Karibu.
Best på smak (etter pannekake): Red dot salmon er ny favoritt.
Best på smak (etter pannekake): Red dot salmon er ny favoritt.
Her med ein «dog salmon» (hundemat).
Her med ein «dog salmon» (hundemat).
Fem dagar igjen å padla.
Fem dagar igjen å padla.
Dei siste to vekene såg dei bjørnespor kvar dag.
Dei siste to vekene såg dei bjørnespor kvar dag.
To kanoar, to telt.
To kanoar, to telt.
Jordekorn klarte dei ikkje å ta bilde av, men denne musa slapp ikkje unna (truleg fordi den var død).
Jordekorn klarte dei ikkje å ta bilde av, men denne musa slapp ikkje unna (truleg fordi den var død).
Og fleire ulike typar ørn.
Og fleire ulike typar ørn.
Filter til vatnet blei flittig brukt.
Filter til vatnet blei flittig brukt.
Rundt 100 sel låg nedst i elva.
Rundt 100 sel låg nedst i elva.
Siste natt i naturen.
Siste natt i naturen.
Perfekte forhold siste padledag.
Perfekte forhold siste padledag.
Tilbake til «sivilisasjonen».
Tilbake til «sivilisasjonen».
Allereie klar for nye eventyr!
Allereie klar for nye eventyr!
1 av 28
– Landskapen i starten var så fint at vi starta turen med ein dag pause.
Første padledag, fem dagar etter avreise frå Flesland.
Ulvespor.
Fjerde dag fekk dei endeleg fisk. Torbjørn var førstemann.
Morten fann spor etter liv.
Marius var den einaste som fekk aure.
Også gjedda blei middag.
– Grillrist er å anbefala når du skal laga mat på bål!
Del av ein stor moskusflokk. Dyra følgde etter dei tre osingane.
«Groot» blei maskot.
Gutane såg bjørn to gongar. Dei rakk ikkje ta bilde den dagen han var nærmast.
Torbjørn, Marius og Morten.
Ved på veg.
Jubel: Midt i turen lurte Torbjørn fram ein pose med Toro pannekakerøre.
Karibu.
Best på smak (etter pannekake): Red dot salmon er ny favoritt.
Her med ein «dog salmon» (hundemat).
Fem dagar igjen å padla.
Dei siste to vekene såg dei bjørnespor kvar dag.
To kanoar, to telt.
Jordekorn klarte dei ikkje å ta bilde av, men denne musa slapp ikkje unna (truleg fordi den var død).
Og fleire ulike typar ørn.
Filter til vatnet blei flittig brukt.
Rundt 100 sel låg nedst i elva.
Siste natt i naturen.
Perfekte forhold siste padledag.
Tilbake til «sivilisasjonen».
Allereie klar for nye eventyr!

Sjå video i ruta over. Foto: Privat. Klipp: Ørjan Håland, Varde/Midtsiden.

Torsdag 28. juni reiste dei frå Os, 30 dagar seinare sette Torbjørn Lothe Mehammer, Marius Humlen Halhjem og Morten Rød Røttingen seg på flyet i Kotzebue i Alaska med mange opplevingar - og ei fersk utskjelling - i bagasjen.

– Vi sat og åt vårt første måltid i sivilisasjonen etter padleturen, og drakk litt vin og cognac, då vi bestemte oss for å ha ein aldri så liten «intervention». Der fekk éin og éin, i ti minutt, høyra kva dei to andre synest var mest positivt og mest negativt med måten vedkomande oppførte seg på turen.

Andre kan bli uvenar med bestekameraten sin som rein slitasje i løpet av ei veke i Syden. Desse tre kameratane hadde 25 dagar med lite mat og mykje mygg bak seg. Likevel kom dei greit ut av grillen.

– Vi lo så høgt at dei andre gjestane gjekk heim! Det var underhaldande og ofte overraskande å høyra kva dei andre hadde irritert seg over.

Litt statistikk

Før vi byrjar å fortelja om det å mista kontakten etter første padletak, møte med ulike dyr og det å setja i gang ein kostbar redningsaksjon utan grunn - her er nokre tal frå turen.
Dei tre kameratane frå Os har padla heile den 740 km lange Noatak River i Alaska, frå Lucky Six i aust til den renn ut i Beringstredet nær Noorvik og Kotzebue.

Enkelte dagar, under ulike straumforhold, tok dei seg tid til å telja. I etterkant har dei hatt kalkulatoren framme.
• Total padletid: 109,22 timar (4,55 døgn)
• Snittfart: 6,75 km/t
• I snitt 300 padletak per kilometer
• Totalt 110.000 padletak
• Marius og Morten padla i lag, Torbjørn padla åleine, og tok altså over 220.000 padletak

Alle artane

Dei hadde venta å sjå bjørn og ulv, og det var med nød og neppe at dei rakk å få løyve til å gå med våpen før avreise. Ei veke før avreise fikk dei godkjent våpensøknaden. To dagar før avreise kom spruttrekket i posten til kanoen. Her snakkar vi marginar!

Det blei også to observasjonar av bjørn, den eine gongen løpande langs elva, men på litt avstand, noko dei fekk filma. Den andre ganske brått og ganske tett på.

– Vi hadde håpa på å sjå bjørn litt oftare. Dei siste to vekene såg vi ferske bjørnespor kvar dag. Vi såg ulvesport òg, men ingen ulv.

Marius har skrive dagbok frå turen, og på ei eiga side samla både statistikk og namn på alle artane dei har sett - og fiska. Av andre artar dei såg på turen er jordekorn (30 gongar), rev, moskus, ørn, karibu (reinsdyr) og cirka 100 sel.

– Vi såg mykje ørn av ulik sort, også kvithoda. Vi fekk òg sjå jakt, ei kvithoda ørn som tok ei gås 40 meter frå oss.

• Les òg: Blei forfølgd av moskus (intervju per satellittelefon midt i turen)

«Storfiskaren» blei stille

Det var naturlegvis òg litt konkurranse. Kven får først fisk, kven får størst fisk og kven får den største laksen?

Største fisk blei ei gjedde på 5,1 kilo fiska av Torbjørn, største laks på 3,9 kilo blei fiska av Marius.

– Morten hadde si «storhetstid» i to dagar etter å ha fått ein laks på 2,5 kilo. Då fekk vi andre verkeleg høyra det. Men etter at Torbjørn drog gjedda på land blei han heldigvis stille.

Dei fekk mest harr, men òg aure, laks, pukkellaks, red dot salmon og dog salmon.

– Pukkellaksen hadde kvitt kjøt og smakte ikkje godt, red dot salmon var den klart beste!

Det smartaste utstyret

Torbjørn, Marius og Morten er erfarne turfolk, ikkje minst Torbjørn, som har padla lange elver i Nord-Amerika før.

– Noko av det smartaste vi tok med oss var ei grillrist, som er super å ha på bålet for stødig plassering av panner.

Ei investering dei er minst like glade for at dei tok, er vassfilter.

– Du finn dei på nett til rundt 300 kroner. Vi hadde eit filter av merket Sawyer. Elva var skiten, men dette mekaniske filteret gjorde susen heile turen. Det var berre å skylja det, så heldt det seg reint. Alternativet ville vore å gå langt inn sideelvene og fylla vassflaskene frå dag til dag.

Fire lærdomar frå turen

Alt i alt gjekk turen veldig bra. Ingen blei tatt av bjørn, alt utstyr fungerte heile turen, dei klarte seg greit med mat og dei trefte med planlegginga og padlinga så dei rakk flyet heim.
Men enkelte ting med turen kunne vore betre, eller var nær på å gå gale.

1. Å skilja lag utan dekning og utan plan
– At vi allereie i første stryk hamna frå kvarandre er jo komisk å sjå tilbake på, men der og då, før vi etter kort tid fann kvarandre igjen, følte vi oss litt rådville. Vi hadde ikkje førebudd oss på at dette kunne skje, og hadde ingen avtalar om korleis vi skulle gå fram for å finna kvarandre igjen.
Å ringa kvarandre kunne dei gløyma. Elva splitta seg, men landområdet mellom var så lågt at dei såg kvarandre etter ei stund. Dermed kunne dei ta den eine kanoen på land og gå for å møta den andre.

2. Å handla til ein månad - på éin time
Ein annan ting som kunne vore gjort betre, var innkjøp av mat til turen. Frå Noreg hadde dei med seg fiskeutstyr og nødrasjon frå Compact.
– Vi fekk brått viljen vår, vi fekk fly ut i terrenget dagen før planlagt. Men det gjorde at vi hadde berre éin time å handla på. Tre menn skal handla mat for 30 dagar! Då det dessutan gjekk fire dagar før vi fekk første fisk, blei det ein noko mager start på turen. Vi kunne kjøpt ein rispose til, elles trefte vi greit.

3. Kva om kanoen forsvann?
Ein tredje ting som gav lærdom, men som òg fekk eit heldig utfall, var kor mykje elva kunne stiga i løpet av ei natt.
– Vi hadde faktisk lese om ein som fekk kanoen tatt av flaum mens han søv, men hadde ikkje venta at det skulle skje oss. Vi sette alltid opp teltet eit stykke frå elvebreidden, men den eine morgonen hadde elva vakse frå å vera 5-6 meter frå oss til under ein meter frå den eine kanoen. Då fekk vi oss ein støkk. Tenk om vi hadde vakna ein morgon og den eine, eller begge, kanoane hadde vore vekke!
– Det verste var at det skjedde éin gong til før vi byrja å ta kanoane langt opp og å knyta dei fast kvar natt.

4. Sendte ut SOS i det stille
Den siste missen var utstyret sin feil, men også her lærde dei noko. Reisefølgjet hadde med seg både satellitt-telefon og nødpeilesendar med GeoSpot. Dei heime kunne følgja sporet, og gutane hadde sjanse til å senda ut nødsignal. Men sjølv om dei hadde tatt teip over luka til begge knappane, den som sendte internasjonalt nødsignal, og den som berre varsla dei heime i Os, så blei den som varsla familien løyst ut.
– Vi sto og steikte pannekaker då småflyet kom over hovudet på oss, for så å landa ved elva. Heime var det natt, og familie og kjæraste var uroa. Vi hadde dessutan gløymd å gje dei kontaktinformasjon til redningssentral eller flytransportør her borte, men det klarte dei å Googla seg fram til.
Falsk alarm kosta, dei tre kameratane måtte spleisa på flyet sin bomtur, som fekk ein prislapp på 7500 kroner.
– Desse pengane vil vi be om å få igjen av dei vi kjøpte Geospot av. Folk frå småflyselskapet fortalde at det har vore tre tilsvarande tilfelle i same område til no i år, og minst to i fjor.

Den største overraskinga

Torbjørn, Marius og Morten klarte å pakka i lag, handla i lag og bu saman i 13 dagar utan å oppdaga kva Torbjørn hadde lurt med seg i sekken.

– Det blei høgdepunktet på turen! seier Marius og Morten.

Torbjørn sneik seg unna før han kom inn i teltet og lata som om han var julenisse. I sekken hadde han ein pose med Toro pannekakerøre.

– Nam! Eg var så klar for noko anna enn ris og fisk, og blei så ufatteleg glad at eg trur til og med at eg felte ei tåre, seier Marius.

Siste del av turen blei idyllisk. Dei møtte rundt 100 sel i elva, og det siste opne stykket, der dei hadde lagt inn margin på to døgn i tilfelle dei blei hindra av vind og bølgjer, padla dei på blikkstille fjord.

Kort tid etter at dei har kome heim er dei ikkje framand for tanken på nye ekspedisjonar i ei eller anna villmark.

– Eg skal! seier Torbjørn.

– Eg òg, om eit år eller to, seier Marius.

– Om eit år? Altså neste år? spør Morten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.