Fotball | 26. aug. 2012

Tre mål av Thuen

• Egil Thuen er tilbake og gjorde det skarpt for Os 2 i dag• Lysekloster skåra mål nr 350 på 3,5 år• Siger, uavgjort og tap til Søfteland, Søre Neset og Nore Neset

Egil Thuen, her i treningskamp i vinter, er tilbake for fullt og putta tre i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. aug. 2012 19:52

Medan A-laget gjekk på nytt tap i helga var det fleire lag frå Os som vann:

Sund - Lysekloster 0-2 (0-1)
Os 2 - Fitjar 4-2 (3-1)
Lyngbø 2 - Søre Neset 0-0
Mann - Nore Neset 2-1 (2-0)
Morvik - Lysekloster 2 3-7 (2-2)
Djerv 2 - Søfteland 3-6
Os oldboys - Loddefjord 18-0 (!)

– Dei imponerte meg i dag, seier Os 2-trenar Frode Øye.

– Fitjar satsar på opprykk og ligg på 3. plass på tabellen, men vårt unge lag la seg høgt i press og gjekk opp i 3-0-leiing før gjestane reduserte før pause.

Egil Thuen, som gjekk skadd gjennom våren og store delar av sommaren, er tilbake og skåra 3 av måla. Glenn Krossøy skåra eitt.

Os 2: Frode Øvredal, John Ole Johannessen, Børge Borgen, Bjarte Halhjem, Tor Erik Kjosås Berge, Ørjan Glesnes, Ørjan Håland, Håkon Kvittingen, Glenn Krossøy, Steffen Ludvigsen og Egil Thuen.
Innbytarar med speletid: Espen Borgen, Isak Røen, Sven Lyssand og Thomas Mjelva.

Mål nummer 350

Lysekloster tok også denne helga full pott med begge lag.

– Vi leia berre 1-0 til pause, men hadde full kontroll, seier Ørjan Sandal etter 2-0 borte over Sund.

2-0-skåringa var eit delmål i kampen, Kristoffer Robin Larsen si nettkjenning var nemleg A-laget si sitt seriemål nummer 350 sidan 2009.

– Sidan vi starta satsinga vår har vi faktisk ikkje spelt éin seriekamp utan å skåra. Held dette seg ut sesongen, at vi får fire sesongar på rad med konsekvent nettkjenning, trur eg vi har gjort noko veldig få, om nokon, har gjort før oss.

Lysekloster 2 vann 7-3 borte etter at det sto 2-2 etter ein jamn 1. omgang. Men så gjekk Morvik tom.

Siger, tap og uavgjort

Søre Neset starta hausten med 3-1-tap og spelte fredag sin andre uavgjorte kamp på rad. Først var det 3-3 heime mot NHH 2, fredag blei det 0-0 borte mot Lyngbø 2.

Nore Neset spelte mot Mann i helga, laget dei slo heile 9-2 heime i vår. Borte blei det 2-1-tap.

Søfteland tapte første haustkamp 4-3 for Samnanger, men vann i går 6-3 på bortebane over Djerv 2. Målskårarar: Eirik Johnsen 2, Ulrik Leidland, Eirik Skåtøy, Simon Aasen og Øystein Wallevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.