Lokal | 31. okt. 2011

Tre nye OHARA-alternativ

Norconsult tilrår tunellpåslag rett aust for Mobergstunnelen i ny utgreiing.

Tre nye OHARA-alternativ
Andris Hamremandag 31. okt. 2011 14:04

Onsdag i førre veke kom den siste av delutgreiingane av OHARA-prosjektet (Os hovudavløpsrenseanlegg) kor Norconsult har sett på alternative løysingar med tanke på plassering, utlufting og tunnelpåhugg for eit anlegg i Liafjellet.

- No ventar vi berre på sluttrapporten før vi kan sende saka vidare til politisk handsaming, fortel prosjektleiar Johannes Håkonsund i Os kommune.

Han håpar den opprinnelege tidsplanen kan halda slik at kommunestyret får saka til handsaming i desember-møtet.

Tre konsept

Norconsult har i arbeidet sett på tre ulike konsept, Liafjellet vest - Ådnadalen, Liafjellet aust - Moberg og Liafjellet sør - Solbakken sør.

- Ut frå investeringsbehov, driftskostnadar og energibruk tilrår vi alternativet Liafjellet aust og har utgreia det vidare, skriv Norconsult i rapporten.

Sju blei tre

I konseptet for Liafjellet aust starta Norconsult med sju ulike alternativ for kor tunnelen inn til fjellhallen kunne plasserast. Desse tre blei raskt kutta ned til tre som er sett nærare på.

Dei tre alternative påhugga er Brandhaugen nord, Stølane og Mobergstunnelen aust (sjå kart til høgre for kvart av alternativa).

Rangert etter nye kriteriar

For å rangera dei tre alternativa har Norconsult brukt kriteria konflikt arealbruk, omfang grunnerverv, løysing for dagsona, naboulemper, uvisse i høve til regulering og konstnadar.

- Mobergstunnelen aust peikar seg ut som det klart beste alternativet, skriv Norconsult.

Men det er ei usikkerheit knytt til dette alternativet då tunnelen frå dagen og inn til hallen kor reinseanlegget skal plasserast må førast under Mobergstunnelen. Sjølve fjellhallen er tenkt plassert omlag rett inn for den nye brannstasjonen omlag 18 meter over havet.

Om vegvesenet set foten ned for dette alternativet tilrår Norconsult at ein parallellt arbeidar med ei subsidiær løysing med påslag i Brandhaugen.

Same pipe på alle tre

Størst spenning har det vore knytt til utluftinga frå reinseanlegget. Det er også den som har gitt dei største diskusjonane i høve til forslaga om anlegg i Mobergshaugen og på Kuhnle.

I alle dei tre alternativa som no er utgreiia er utlufting plassert omlag 172 meter over havet i området ved Lurhaugen.

- Dette vil gje ei horisontal avstand til næraste hus på omlag 200 meter, skriv konsulentane i rapporten.

Pris: 220-230 millionar

Norconsult har med bakgrunn i erfaringsdata frå tidlegare prosjekt kome fram til eit investeringsbehov på mellom 220 og 230 millionar kroner for eit OHARA i Liafjellet. Løysingane i Mobergshaugen og Kuhnle er tidlegare kostnadsrekna til mellom 145 og 160 millionar.

Ei slik investering vil gje eit avløpsgebyr på omkring 5 300 kroner per husstand i 2016. Til samanlikning har rådmannen i avgiftsbudsjettet for 2012 foreslått eit kloakkgebyr på mellom 2.550,- og 3.420,- kroner avhengig av størrelsen på husvære.

- Det er knytt ei stor uvissheit omkring størrelsen på avløpsgebyret då dette blir påverka av fleire faktorar som rente, befolkningsvekst, framtidige investeringar og driftskostnader.

1 km utslippstunnel

Sidan fjellhallen er plassert omtrent likt på alle dei tre alternativa er løysinga for utslipp av det reinsa vatnet den same for alle tre alternativa.

Norconsult ser for seg ein fjelltunnel frå Liafjellet under Moberg/Kuhnle til Kuhnlevika og vidare ut på djupt vatn aust for Raudholmskallen.

14.000 lastebillass

Etableringa av eit fjellanlegg i Liafjellet vil gje eit auka uttak av massar.

- Frå fjellanlegg i Liafjellet må det transporterast ut omlag 140 000 m3 teoretisk lause massar (tm3). Dette tilsvarar 14.000 billass med sprengstein.

Til samanlikning vil eit fjellanlegg i Mobergshaugen eller Kuhnle ha eit transportbehov av omlag 80.000 tm3 eller 8.000 billass sprengstein i følgje rapporten.

Liafjellalternativet vil gje ei 4 månader lengre byggjetid enn dei to andre alternativa om ein arbeidar intensivt to skift, seks dagar i veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.