7. trinn ved Os barneskule er i karantene etter at ein elev er konstatert smitta. (Foto: KVB)
7. trinn ved Os barneskule er i karantene etter at ein elev er konstatert smitta. (Foto: KVB)

Elev smitta - klassetrinn i karantene

Smittetalet aukar i Bjørnafjorden.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. september 2020 - 20:35

Måndag 7. september var sist Bjørnafjorden kommune meldte om nytt smittetilfelle.

Dette var det 23. tilfellet totalt i år og det sjette tilfellet etter sommaren.

Ifølgje både VG og BT sine oversikter har smittetalet auka til 25, altså yttarlegare to denne veka. Éin av dei skal vera lagt inn på sjukehus.

Den eine blei konstatert smitta torsdag, den andre i dag, 10. og 11. september.

OPPDATERT:

– Vi har registrert to nye tilfelle denne veka, måndag og i dag, fredag, seier ordførar Trine Lindborg til Midtsiden.

– Den i går kan vera folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, men busett og testa ein annan stad, forklarer ho.

Vi er dermed oppe i 24. tilfelle i vår kommune, og dagens konstaterte smittetilfelle er det åttande i haust.

Elevar i karantene

Ein skuleklasse vera sett i karantene. Dette skal vera i eldre barneskulealder på Os-sida av kommunen, ifølgje to kjelder Midtsiden har hatt kontakt med.

Så vidt vi kjenner til var fredag første dag med karantene, og elevane blir heime til torsdag i neste veke.

Smittevernlege Jonas Dale seier pressemelding kjem, og viser til ordførar for yttarlegare informasjon.

OPPDATERT:

Kommunen stadfestar no at ein elev på 7. trinn ved Os barneskule har fått påvist covid-19. Som følgje av dette er elevane og lærarane på 7. trinn i karantene i 10 dagar for å hindre potensiell smitte.

Alle nærkontaktar er varsla.

Eleven som er smitta har ingen symptom, men blei testa på grunn av nærkontakt med smitta personar i ein annan kommune.

– Den smitta eleven har gjort alt rett, og gjekk i karantene med ein gong beskjeden om ein smitta nærkontakt kom, fortel assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Det er berre elevane som er i karantene, ikkje dei andre i husstanden. Dei aktuelle elevane treng ikkje testa seg før dei eventuelt utviklar symptom på luftvegsinfeksjon, men må uansett halda seg i karantene heile perioden, opplyser kommunen.

Elevane vil få heimeundervisning medan dei er i karantene.

Ifølgje ei tekstmelding som har gått ut til føresette i kveld er det ikkje mistanke om at elevar på nokre av dei andre trinna har vore utsette for smitte.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no: 
* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra. 
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune. 

Les meir om

Lokal Korona