Lokal | 17. sep. 2019

Tre osingar bak årets Jysk-butikk

Målet var klart - snu drifta av ein butikk i motbakke til å bli Noregs beste på 15 månadar.

Tre osingar bak årets Jysk-butikk
Tre osingar med suksess på Laksevåg. (F.v) Isak Røen, Mathias Nordvik og Fredrik Andresen. (Foto: privat)  
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 17. sep. 2019 19:41

Bildeserie:

Frå kåringa i Oslo- (Foto: privat)
Frå kåringa i Oslo- (Foto: privat)
Vinnarlaget saman med Retail manager i Jysk Norge, Kirsti Lorentzen Bergdahl. (Foto: privat)
Vinnarlaget saman med Retail manager i Jysk Norge, Kirsti Lorentzen Bergdahl. (Foto: privat)
1 av 2
Frå kåringa i Oslo- (Foto: privat)
Vinnarlaget saman med Retail manager i Jysk Norge, Kirsti Lorentzen Bergdahl. (Foto: privat)

På ein nyleg årsfest for alle dei 95 Jysk-butikkane i Noreg, kunne osingane Fredrik Andresen, Isak Røen og Mathias Nordvik notera seg ein solid siger.

Jysk-butikken på dei tre driftar på Laksevåg, vart kåra til Noregs beste butikk.

Bak den gjeve tittelen ligg 15 månadar med beinhardt arbeid.

Starta med ei utfordring

Både Andresen og Røen jobba tidlegare på Jysk-butikken på Os, men arbeidet med å gjera Laksevåg-butikken til Noregs beste, starta med ei utfordring til Andresen.

– Eg vart ufordra frå høgare hald i Jysk til å fiksa butikken på Laksevåg, seier Andresen.

– Butikken gjekk ikkje særleg godt, og det var ærleg talt mykje å ta tak i. Innteninga var ikkje god, og det låg i korta at her måtte heile skuta snuast.

Andresen takka ja til utfordringa, og fekk med seg Røen på laget.

– Eg hadde stillinga som butikksjef, men då eg i tillegg sysla med eit trainee-program som distrikssjef, vart det vel så mykje Røen, som assisterande butikksjef, som leia snuoperasjonen.

Laber stemning - inn med gladguten Mathias

Andresen fortel at det ikkje berre var enkelt og gå inn som «dei nye karane som skal fiksa alt», då dei tok fatt på oppgåva for 15 månadar sidan.

– Det tek tid å bygga eit vinnarlag, men då vi i etterkvart fekk med Mathias Nordvik, fungerte han som ein gledesspreiar på heile butikken.

– Saman med dei tilsette jobba vi systematisk med rutinar og kundebehandling, og etterkvart byrja pila å peika den rette vegen.

15 månadar seinare vart Jysk-butikken altså kåra til Noregs beste.

Går for ein dobbel

Andresen fortel at årets Jysk-butikk mellom anna vert målt på omsetnad, rabattbruk og løn.

– Tala for det siste rekneskapsåret viser ein auke i omsetnad på 118 prosent og ein kundeauke på 128 prosent.

– Vi har i tillegg fått ned sjukefråveret frå 7,3 prosent til 1,4 prosent.

– Og viktigast av alt - vi har no ei gruppe tilsette som stolte kan seia at dei jobbar i Noregs beste Jysk-butikk.

Andresen legg til at «gamle-butikken» på Os sikra seg ei topp 10-plassering, og at konkurransen no truleg vert skjerpa dei neste 12 månadane.

– Vi har sete oss eit klart mål om å ta ein dobbel, og vinna same tittelen igjen til neste år!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.