Brann og beredskap | 10. aug. 2022

Tre personar har ramla ut av båt

– Alle nødetatar er på veg.

Tre personar har ramla ut av båt
Ambulanse tok imot dykkarbåt med jentene, og ambulansebåt, på Solstrand. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. aug. 2022 17:48

Politi, brannvesen og ambulanse er på veg til ein redningsaksjon i Bjørnafjorden.

– Tre personar har ramla ut i sjøen frå ein båt, opplyser Vest politidistrikt klokka 19.43.

Dei fekk melding om uhellet klokka 19.22.

Ambulansebåten på veg til staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Ambulansebåten på veg til staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Alle dei tre personane skal ha flyteutstyr på seg, men båten har rekt vekk frå dei.

– Alle nødetatar er på veg mot staden, legg dei til.

Oppdatert: Dei tre personane er oppe av sjøen, og framstår ifølgje politiet som uskadd.

Politibåten Kjølen med det som kan vera ulykkesbåten på slep.
Politibåten Kjølen med det som kan vera ulykkesbåten på slep.

Midtsiden har fått fleire tips om utrykkinga.

Ein av dei fortel om ein båt på veg ut av Os hamn med ein dykkar på baugen, på plan og noko som likna 30 knop før båten svingte hardt babord på veg ut mellom bølgedemparane.

  • Har du informasjon eller bilde? tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.