Lokal | 30. jan. 2021

Tre personar sende til sjukehus etter brann på Drangsneset

OPPDATERT: Mykje røyk i ein leilegheit - skal vera snakk om røyknedslag.

Tre personar sende til sjukehus etter brann på Drangsneset
Ill. foto: KVB
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlaurdag 30. jan. 2021 16:55

Like over klokka 16 i ettermiddag kom det melding om brann i ein kjellerleilegheit på Drangsneset.

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til staden.

På Twitter melder Vest politisdistrikt at det var mykje røyk i leilegheita,.

Dei tre som bur i leilegheita hadde alle fått i seg røyk, og blei sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Årsaka til brannen er ikkje kjend, men politiet skriv vidare på Twitter at det er mistanke om pipebrann.

OPPDATERT:

Til BT.no opplyser vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund, at alle personar er gjort reie for. Han opplyser òg til avisa at det ikkje har vore brann, men at det skal vera snakk om eit mogleg røyknedslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.