Lokal | 09. aug. 2020

Tre personar skadd i slåstkamp i naust

Mann køyrd i arresten natt til søndag.

Tre personar skadd i slåstkamp i naust
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. aug. 2020 07:57

Klokka 04.53 natt til søndag fekk politiet melding om aggressiv person som hadde slått fleire personar i eit festleg lag i eit naust i Øyane.

– Tre personar er skadde. Det er knekte og lause tenner, mogleg ribbeinsbrot og skade i ein fot, meldte politiet via Twitter i natt.

– Éin person blei pågripen. Vedkomande sit framleis i arresten, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor i dag.

Ambulanse var rekvirert, men det står ikkje notert om den var på staden. Minst éin fornærma reiste til legevakt for sjekk, men i alt tre personar skal ha blitt slått.

Det er oppretta sak. Mistenkte og fleire av dei involverte skal vera i slutten av 20-åra, og ukjente for politiet frå før.

Det er uvisst kva som leidde til slåstinga, som skal ha skjedd i tilknyting til ei lita samling med venar i eit naust.

Mann i 30-åra fekk blåveis

Tidlegare på kvelden, litt før klokka 01, fekk politiet melding om slåsting på ei anna adresse.

Her hadde ein mann i 30-åra fått eit blått auge og ein kul i hovudet etter å ha blitt slått.

– Patruljen var på staden, men då hadde det roa seg, og ingen blei fjerna frå adressa.

Stoppa vinglete bil

Søndag morgon fekk politiet melding om vinglete køyring. Bilen blei funnen og stoppa.

– Det var ein leigebil med turistar. Bilførar var edru, og forklarte den noko nølande køyringa med at dei ikkje er kjent i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.