Politi | 06. juli 2022

Tre sjåførar fekk til saman fem åtvaringar

Vegvesenet hadde køyretøykontroll på Halhjem i dag.

Tre sjåførar fekk til saman fem åtvaringar
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2022 18:53

Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem onsdag på dagtid.

12 køyretøy blei kontrollert for periodisk kontroll, forsikring og avgifter, opplyser John Kåre Larsen i sin rapport frå dagen.

Det var ingen tekniske manglar, men det blei gitt bruksforbod til éin grunna underkøyringshinder og éin for dårleg lastsikring. Vedkomande måtte sikra lasta betre før han fekk køyra vidare.

Éin bil hadde kran som ikkje var godkjent, noko det blei sendt rapport om til Arbeidstilsynet.

Tre sjåførar blei kontrollerte for køyre- og kviletid, noko som resulterte i fem åtvaringar for brot på reglementet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.