Næringsliv | 13. jan. 2021

Tre tips til varmepumpe-eigarar

Trudde du at den skulle stå på auto?

Tre tips til varmepumpe-eigarar
Torbjørn Engelsen prøver dela ut gode råd til gamle kundar mellom monteringsjobbane hos nye kundar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. jan. 2021 12:52

Då juleferien var over, og kulda viste at den hadde bite seg fast, byrja det å koka på telefonen til Alti Miljøteknikk.

– Vi opplevde godt sal i haust, men fekk levert alt vi skulle før jul. Eg trudde ei stundt at vi skulle få ein roleg start på 2021, men med ei kald romjul blei det fort fart i sakene, seier dagleg leiar Torbjørn Engelsen.

Men det var ikkje berre nye kundar som ringte. Engelsen har selt over 2000 varmepumper i løpet av dei siste 20 åra, i hovudsak i Os, og fleire kundar har kome med spørsmål om både rare lydar og kald luft frå varmepumpa.

Etter det han skildrar som «50 telefonar for dagen» den første veka i januar, publiserte han ei liste med tips til varmepumpeeigarane.

– For det første er det ikkje alle som les bruksanvisingar, for det andre er det ikkje alt som står i desse. Sjølv om varmepumpene er tilpassa nordiske forhold, er det ikkje alt som er skrive om innstillingar som er tilpassa særleg kulde.

Dei tre viktigaste tipsa

  1. Ikkje bruk innstillinga «auto»
  2. Rens filteret
  3. Bruk tilleggsvarme

Engelsen nemner spesielt éin ting som du ikkje kan lesa deg til i brosjyren som følgjer med varmepumpa:

– Ikkje set varmepumpa på «auto», i alle fall ikkje vinterhalvåret. Det fungerer i varmeapparatet i bilen, men er dessverre ikkje beste innstilling når du vil ha varme i huset ditt.

Du skal velja «heat», altså symbolet som illustrerer varme eller ei sol. På auto risikerer du at pumpa går til avkjøing oftare enn den skal, ikkje minst om du fyrer i omnen som tilleggsvarme.

I tillegg er det viktig å halda filtera reine, altså å støvsuga desse.

– Det tredje tipset er supplera med ei anna varmekjelde, anten det er ein elektrisk omn, vedfyring eller noko anna. Alle varmepumper, uavhengig av storleik, gir mindre varme når det er kaldt. Er temperaturen nede i 10 minusgradar er effekten av varmepumpa halvert.

Luft, lyd og termostat

Når det er kaldare enn 7 varmegradar kan det bli danna is på ute-delen av varmepumpa. Dette fiksar varmepumpa sjølv, ved å gå i av-ising.

– Dette fører til både kald luft inne og noko som kan oppfattast som «ulydar» inne. Ikkje ver redd om det kjem litt andre lydar frå ei elles stillegåande pumpe.

Har du nokon heime som trur varmen kjem fortare om termostaten er skrudd på maks? Det kan fort få motsett effekt.

– Om varmepumpa må jobba for hardt, og går seg varm, vil den automatisk gå i kvilemodus. Då kan det gå fleire timar før den startar opp igjen, åtvarar Engelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.