Politi | 01. feb. 2024

Tre velta over Hatvikvegen

– Hang over vegen i nokre leidningar.

Tre velta over Hatvikvegen
Eit tre nær ferjekaien velta i går. Her er Hatvikvegen i meir vinterdrakt enn i desse dagar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. feb. 2024 08:22

Onsdag klokka 17.56 fekk politiet melding om velta tre over Hatvikvegen, nær Hatvik ferjekai.

– Treet hang i nokre leidningar, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet rykte ikkje ut, men varsla Vegtrafikksentralen, som overtok oppdraget.

VTS varsla òg BKK.

Nokre av avgangane mellom Hatvik og Venjaneset var innstilte grunna uvêret «Ingunn».

BKK hadde fleire ting å bryna seg på i går, då 1396 abonnentar frå Os til og med Søfteland var utan straum på ettermiddagen.

Dei siste skal ha blitt kopla inn før klokka 22 onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.