Samferdsle | 11. okt. 2023

Tre velta ut på E39

Halhjemsvegen er delvis blokkert.

Tre velta ut på E39
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no, foto: Emil Horvei)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. okt. 2023 18:11

Ein bilist tipsar om tre over veg på E39.

– Treet stenger eine feltet på Halhjemsvegen, retning Halhjem, nær Halhjem Kafé, fortel Emil Horvei, klokka 18.06.

Både politi og BKK skal vera varsla.

Verken Vest politidistrikt eller Vegtrafikksentralen har i skrivande stund lagt ut informasjon på X.

Tidlegare i dag velta eit tre nær E39 og sperra Lepsøyvegen i over to timar.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det klokka 18.20 kø i begge retningar på E39 på Haugland.

OPPDATERT: Politiet opplyser om dirigering på staden, og omkøyring via Håvardsvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.