Tre VM-medaljar til Os

Handbak: Første VM-dag er over og Arne Thuen og Øyvind Birkeland har sikra Noreg til saman tre medaljar.

Arne Thuen og Øyvind Birkeland under NM i Oseana i 2011. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. sep. 2012 00:35

Av dei 9 landslagsutøvarane som deltar i årets VM er 6 frå Os Håndbak klubb.

Førre helg reiste Arne Thuen, Frode Veim Haugland, Are Strønen, Tore Matre, Asle Kvamsdal og Øyvind Birkeland til hamnebyen Sao Vicente utanfor Sao Paulo i Brasil, torsdag var det opningsseremoni og fredag var dei to første norske brytarane i sving.

– Arne tok bronsemedalje, fortel Frode Veim Haugland på sms til Midtsiden.

Gull og sølv til Øyvind

I fjor var 9. plassen til Frode Veim Haugland beste norske resultat i VM i Las Vegas, i 2010 kom Arne Thuen heim med to VM-sølv frå Italia.

– Øyvind Birkeland starta med å ta sølv med venstre arm før han klinte til med gull i høgre arm i masterklassen.

Laurdag skal Øyvind i kamp igjen, då saman med dei fire andre treningskameratane frå Os.

Sjå kampane direkte

worldarmwrestlingfederation.com kan du sjå kampane direkte på streaming (Midtsiden er ikkje ansvarleg for innhald på eksterne nettsider).

Hugs at vi ligg 5 timar framfor Sao Paulo i tid. Showet startar nok i 14-15-tida norsk tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.