Lokal | 11. des. 2020

Tredoblar straffa frå nyttår: – Livsfarleg uvane

Sjå kva du må betala om du blir stoppa for ulovleg mobilbruk.

Tredoblar straffa frå nyttår: – Livsfarleg uvane
Dette vil kosta deg 5000 kroner og tre prikkar frå nyttår. (Foto: Frende)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2020 15:19

I dag har regjeringa vedtatt å auka straffa for bilførararsom blir tatt for ulovleg mobilbruk.

Frå nyttår må du ut med 5000 kroner i forelegg og blir i tillegg belasta med tre prikkar på førarkortet. Mengda prikkar blir dobla om du er i prøvetida.

I dag er det 1700 kroner og to prikkar som er gjeldande. UP ser at innføringa av prikkbelasting og auka til 1700 kroner ikkje fekk god nok effekt.

Politiet i Os tok tre syndarar på to timar i Mobergsbakken tysdag.

– Eg håper folk tar ansvar. Det er ein livsfarleg uvane, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge.

12 dødsulykker i 2018

Ei undersøking Norstat har utført for Frende viser at 43 prosent seier at dei sjekkar mobilen mens dei køyrer.

– Distraksjon knytt til mobiltelefon eller ann utstyr blir antatt å ha vore medverkande til 12 dødsulykker i 2018. Det er dessverre for mange som bruker telefonen under køyring, seier sjefen for Utrykningspolitiet, Stenev Hasseldal.

Undersøkingar frå UP viser at mobilbruken i snitt ligger på 3,6 prosent. Det er omtrent like mange som pratar som tekstar.

I 2019 registrerte UP og politidistrikta til saman 16.365 saker med ulovlig bruk av mobilen.

Dobbelt så mange menn som kvinner sjekkar mobilen mens dei køyrer.

Kva er lov og ikkje lov?

Dette seier paragrafen:

  • Fører av en motorvogn må ikke bruke mobiltelefon under kjøring.
  • Fører kan likevel bruke mobiltelefonen til å starte opp, gjennomføre og avslutte en samtale når mobiltelefonen under kjøringen er håndfri eller er plassert i en holder.
  • Holderen skal være forsvarlig fastmontert i umiddelbar nærhet av rattet og så nært førers ordinære synsfelt under kjøring som praktisk mulig, med mindre holderen er en integrert del av kjøretøyets orginalinnredning.
  • Når mobiltelefonen brukes håndfritt, kan den også benyttes til å styre og avspille lydfiler.

Du har heller ikkje lov å bruka mobiltelefonen når du står i kø eller på raudt lys, skriv VG.

Desse aldersgruppene sjekkar mobilen mens dei køyrer

18-29 år: 67 prosent
30-39 år: 66 prosent
40-49 år: 59 prosent
50-59 år: 38 prosent
60+: 15 prosent

Vestland er verst

Vestlandet: 46 prosent
Oslo: 45 prosent
Sørlandet ink. Telemark og Vestfold: 44 prosent
Østlandet: 42 prosent
Midt-Norge: 41 prosent
Nord-Norge: 38 prosent

(Kjelde: Frendeundersøkelsen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.