Junior-skyttarane til Os skyttarlag i Numedal. Frå venstre: Alexander Ronæs, Sofie Evensen og Kyrre Haugland. (Foto: Os skyttarlag)

Treffsikker sesongavslutting

Os-ungdomen med gode resultat på stemne i Numedal.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I løpet av 2019 har Os Skyttarlag både opplevd god rekruttering, fått fleire kretsmeistrar og tatt bronse på Landsskyterstemna (Amalie Evensen).

• Midtsiden samleside: Skyting

Ungdomsstemnet i Numedal, som blei arrangert i helga, er Noregs nest største stemne for ungdom, kun slått av Landsskytterstevnet i påmelding.

Det vart skote to stemne i Numedal; Rollag & Veggli og Flesberg. Dei yngste skaut på 100 meter, mens junior og eldre junior skaut på 200 meter.

Os 2 nummer to

Seks skyttarar fra Os Skyttarlag var med på stemnet.

Daniel Myklebust Fjellstad, Celine Daviknes Håvik og Maren Evensen deltok i klasse eldre rekrutt, og i klassen junior stilte Kyrre Haugland, Aleksander Ronæs og Sofie Evensen.

I lagskytinga var dei seks osingane delte i Os 1 og Os 2.

På Os 1 skaut Celine, Kyrre og Aleksander, og på Os 2 skaut Daniel, Maren og Sofie

Os 2-laget sikra andreplassen i begge dei to stemna, mens Os 1 hamna utanfor pallplass.

Sterk slutt på lang sesong

Sofie avslutta sesongen med ein sterk andreplass i juniorklassen, mens Alexander hamna på ein god 11. plass i same klasse. Desse resultata er dei to stemna samanlagt pluss ein finaleomgang på 10 skot.

Jan Kristian Evensen i Os Skyttarlag fortel at no skal skyttarane ha seg ein etterlengta ferie.

– Det har vore ein sommar prega av mykje reising. Ferien, den vart jo teken på Landsskytterstevnet, seier Evensen og ler. 

Evensen fortel vidare at fleire av ungdomane no tek opp att aktivitetar som handball og fotball, og dei vil i dei neste månadane mest driva med «vedlikehaldsskyting» ein gong i veka.

– Men når vi kjem til juletider skrur dei opp att tempoet inn mot ein ny sesong, avsluttar han.

Fleire saker