Sport | 09. mai 2017

Treffsikre nybyrjarar opna ny bane

Fleire komande jegerar testa Os Jakt- og Fiskelag sin nye 50-metersbane under opninga måndag.

Leiar i ungdomsutvalet, Andrea Johanne Nilsen, mellom Mike og Noah på opning av 50-metersbanen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mai 2017 07:59

Bildeserie:

Os Jakt og Fiskelag - opning av ny 50 m bane. (Foto: KVB)

1 av 10

Måndag ettermiddag var det opning av den nye 50-metersbanen til Os Jakt og Fiskelag.

Med ny bane og tilhøyrande standplass med varmestove, er laget endå betre rusta til å ta imot dei yngre.

– Her kjem dei seg vekk frå smell frå grovare kaliber på 100-metersbanen, får kortare distanse å skyta på og ei stove der vi både kan ta pause og ha instruksjon, fortel leiar for Os JFL, Hogne Markhus.

Niåring skaut to 10-arar

Blant dei unge som møtte på opninga i går var både litt etablerte og heilt nye skyttarar.

– Eg har ikkje skote før, men det var veldig gøy, seier Noah.

Han fyller snart ni år og skaut to 10-arar i sin første serie. Han er glad for at han blei med kameraten Mike på skytebanen.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Familiedag og faste gratisdagar for ungar

Fleire av ungdomane i jakt- og fiskelaget var med og hjelpte dei unge nybyrjarane.

– Det er kjekt å sjå at foreldre lar dei små sleppa til. Eg fekk ikkje lov då eg spurde far, men meldte meg inn i laget kort tid etter at eg flytta for meg sjølv.

– Her har vi hatt jenter på fire år liggande med rifle. Vi har inga nedre aldersgrense, fortel leiar i ungdomsutvalet, Andrea Johanne Nilsen, som òg tar med seg ungar i elva for å fiska om sommaren.

50-metersbanen er open for alle, også vaksne, men får fast dag for dei yngre. Kvar måndag blir det skyting for dei under 15 år, der dei både kan låna rifle og få skyta gratis. Laget spanderer ammunisjon på dei unge.

– Siste laurdagen i mai vil vi ha familiedag, då kan også mor og far prøva seg med ulike våpen på ulike distansar, også med hagle på leirduer, fortel Hogne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.