Sport | 24. feb. 2020

Treffsikre Tobias tok 2. plass i KM

Tobias Austevoll Lyssand skal vidare til NM med sambygding Amalie Evensen

Treffsikre Tobias tok 2. plass i KM
Tobias Austevoll Lyssand viste imponerande skyting i KM. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. feb. 2020 08:08

Os Skyttarlag (med krut) og Os Sportsskyttarklubb (luftvåpen) har dei siste vekene fått to hordameistrar, Adelheid Røttingen Møller og Maren Evensen, og éin kretsmeister, Amalie Evensen.

Tobias Austevoll Lyssand har trent sportsskyting i berre 5 månadar, men skaut knallsterke 621,3 poeng på 60 skot, og var berre 2 poeng frå KM-tittelen, som gjekk til ein langt meir erfaren sportsskyttar.

– Tobias har to år bak seg i Os Skyttarlag (under paraplyen til DFS) før han supplerte krut med luft i Norges Skytterforbund. Siktebilde og pusteteknikk er mykje likt, men avtrekket på luftriflene er veldig lett, rundt 0,2 kg, mot 1,5 kg på ei vanleg rifle.

– Han har takla overgangen veldig bra, og allereie stabilisert seg på høgt, nasjonalt nivå, seier leiar i Os Sportsskyttarklubb Jan Kristian Evensen.

Lyssand har ein svekka arm, og deltar i SH2-klassen, der han får bruka skytebord, fjær og ladehjelp.

– Skyting er ein fin sport òg om du har nedsett funksjon. Deltakarane blir klassifisert for at konkurransen skal bli mest mogleg rettvis, og du kan delta med pistol eller ulike rifler på 10, 15, 25 og 50 meter.

Til NM med Amalie

Amalie Evensen har lenge skote godt med både krut og luft, og var i fjor ein av to mottakarar av Os kommune sitt siste kulturstipend på 20.000 kroner.

Innan sportsskyting stiller ho for Laksevåg Sportsskyttarlag, så ho òg kan delta i lagskyting, då Os ikkje har lag. Amalie blei kretsmeister med 613,3 poeng i sin klasse, junior kvinne.

I slutten av mars reiser både Tobias og Amalie til NM luftrifle, som i år blir arrangert på Ørlandet i Trøndelag.

Amalie Evensen blei kretsmeister og reiser til NM med Tobias.
Amalie Evensen blei kretsmeister og reiser til NM med Tobias.

Adelheid og Maren blei hordameistrar

Søndag for ei veke sidan blei Hordastevnet miniatyr 2020 (LDKS) arrangert på ny 15-metersbane hos Haugesund og Sveio skyttarlag.

Meisterskapen blei prega av fleire sterke skyttarar frå Os.

Eldre rekrutt blei vunnen av Adelheid Røttingen Møller med 350.

– Adelheid var uslåeleg, og tok tittelen heim med sin vanlege gode og rolege åtferd, fortel Jan Kristian.

Daniel var uheldig med 5 niarar og kom ikkje til finalen.

I junior opna Maren Evensen med 247 og låg då på 2. plass etter innleiande skyting. Aleksander Rones hadde ein stang ut-dag på banen og kom utanfor finalegrensa med 243.

Maren la innpå ein 100-serie og vann juniorklassen med to poeng etter ei spennande avslutting.

Adelheid og Maren blei hordameistrar i kvar sin klasse.
Adelheid og Maren blei hordameistrar i kvar sin klasse.

Amalie på pallen

I eldre junior (seniorprogram) leia Sofie Evensen lenge, men etter ferdig innleiande skyting låg ho på 2. plass, to poeng bak leiaren. Det blei veldig spennande i finalen, der ho blei slått med eitt poeng og landa på ein fin 2. plass.

Amalie Evensen vann innleiande skyting med 247 blant seniorane, der ho hadde eitt poeng leiing på andremann. Etter at Olve frå Haugesund og Sveio skt hadde levert 100 poeng og 10 innertiarar, måtte Amalie ha 100 poeng for å vinna åleine.

Då resultatet var talt opp så stod det éin 9-ar på skjermen hennar, dermed blei det ein sterk 3. plass i ein tøff klasse.

– I klasse V55 starta Tor Egil Gjerde med 149 poeng, men pulsen blei for heftig i vidare skyting, og han ramla utanfor finalelaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.