Kultur | 03. aug. 2014

Treffsikre trønder-rockarar

Kva trur du Dumdum Boys gjorde på mens dei venta på å gå på scenen? Dei skaut med hagle!

Treffsikre trønder-rockarar
Treffsikre Dumdum Boys sparte ikkje på kruttet, verken før eller under konserten på Osfest. (Privat bilde, foto: Tina Bøe Buer)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. aug. 2014 20:23

Bildeserie:

Det oppsto interne konkurransar, men Søviknes vil ikkje avsløra kven som skaut best. (Privat bilde, foto: Tina Bøe Buer)
Det oppsto interne konkurransar, men Søviknes vil ikkje avsløra kven som skaut best. (Privat bilde, foto: Tina Bøe Buer)
Rett før midnatt gjekk bandet på scenen framfor det største publikummet under festivalen. (Foto: KVB)
Rett før midnatt gjekk bandet på scenen framfor det største publikummet under festivalen. (Foto: KVB)
1 av 2

Laurdag rett før midnatt gjekk Dumdum Boys på scenen som siste band på første Osfest.

Dei samla det største publikumet under heile festivalen, rundt 2000 skal ha vore på festivalområdet mens trønderane spelte.

Og hovudtrekkplasteret sparte ikkje på kruttet, verken på scenen eller tidlegare på dagen – på skytebanen til Os Jakt- og Fiskelag.

Fekk velja frå aktivitetsmeny

Eirik Walle er ein av dei mange frivillige som har jobba under Osfest, og tok på seg å koma med nokre alternativ til kollega Tina Bøe Buer om kva artistane kunne kosa seg med i Os på dagtid laurdag.

– Eg tenkte på både fiske og båttur, men har sjølv vore å skote litt på leirduer, så eg ringte Kjartan Søviknes i jakt- og fiskelaget for å spørja om det gjekk an å ta imot nokre rockarar for litt skyting.

Søviknes er instruktør på jegerprøven, som også inneheld praktisk skyting.

– Kjekt å skyta med gamle heltar

– Vi har rifleskyting kvar måndag og torsdag og hagleskyting kvar tysdag og onsdag.

– Vi tar ofte imot utdrikkingslag og firma på blåtur eller konferanse. Alle må naturlegvis vera edrue, men dei treng ikkje ha erfaring eller kurs på førehand.

At sjølvaste Dumdum Boys kom på besøk synest Søviknes var ekstra stas.

– Eg har vakse opp med musikken deira, så det blei ein spesiell dag på banen. I tillegg var dei veldig entusiastiske og flinke.

Bandet stilte med crew og det oppsto interne konkurransar. Men Kjartan vil ikkje avsløra kven som skaut best.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.