Lokal | 06. juni 2019

Trekte samtykket til førarkortbeslag

Motorsykkelen som velta på E39 natt til søndag er heller ikkje avskilta.

Trekte samtykket til førarkortbeslag
MC-førar hadde retning Os, køyrde forbi på dette strekket og velta i den krappe svingen som følgjer. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juni 2019 07:58

Klokka 00.28 natt til søndag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39 Byvegen på Hetleflåten.

Ingen blei skadd, men det blei tatt beslag i førarkortet til førar, som er i 17-årsalderen.

Førar har trekt samtykket til førarkortbeslag. Det er dessutan påpeikt fleire feil i vår omtale av ulykka (som no er retta).

Det var ikkje ein moped, men ein lett motorsykkel. Motorsykkelen var ikkje borti bilen, det var bilen som køyrde borti motorsykkelen etter at den hadde velta. MC-en blei heller ikkje avskilta, det var den involverte bilen som blei avskilta.

Politiet stadfestar opplysingane, som grunna lite grundige notatar, i stikkordsform, blei tolka feil i overføring til media.

Motorsykkelen hadde retning Os då uhellet skjedde. Han hadde køyrd forbi ein bil før den krappe og lange venstresvingen. Det var regn og glatt asfalt, og førar velta i svingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.