Sport | 19. okt. 2014

Trenarane måtte gå på dagen

Lysekloster har sagt opp kontrakten med både Torbjørn Birkelund og assistenttrenar Øyvind Olsen.

Trenarane måtte gå på dagen
Torbjørn Birkelund etter 3-2-sigeren over Lyngbø i august. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. okt. 2014 08:56

Fredag blei det offentleggjort at A-lagstrenar Torbjørn Birkelund og assistenttrenar Øyvind Olsen begge er ferdige i Lysekloster il.

«Etter en skuffende sesong er det blitt enighet mellom klubben og hovedtrener Torbjørn Birkelund at hans engasjement er avsluttet pr. 16.10.2014. Engasjementet er også avsluttet med hjelpetrener Øyvind Olsen» melder klubben på sine heimesider.

Etter det Midtsiden kjenner til fekk dei to, utan forvarsel, beskjed onsdag.

– Eg ønskjer ikkje å kommentera saka anna enn at eg har hatt ei fin tid i Lysekloster både som spelar og som trenar, og vil takka alle eg har spelt med og leia i trening og kamp, seier Torbjørn til Midtsiden.no.

Den siste kampen han fekk leia laget var i 1-2-tapet for Vard Haugesund 2 heime for ei veke sidan. Laurdag var det Lysekloster 2-trenar Tore Nielsen som leia A-laget borte mot Vadmyra.

– Klubben har ikkje nokon annan kommentar enn den informasjonen vi har publisert på nett, seier dagleg leiar Ørjan Sandal.

Birkelund fornya kontrakten seinast i sommar, då blei engasjementet utvida til ut 2015-sesongen.

Håpet om opprykk rauk for fleire rundar sidan, Lysekloster ligg på 3. plass før siste runde, utan sjanse til å klatra på tabellen, men med Bjart eitt poeng bak.

– Låg det eit vilkår om opprykk i kontrakten med Birkelund og Olsen?

– Nei, det gjorde det ikkje.

– Kvifor vil klubben seia opp kontrakten no, før to uviktige kampar på slutten av sesongen?

– Det vil eg ikkje kommentera. Men det er i grunnen aldri ei passande tid å seia opp ein avtale og det er aldri kjekt når eit forhold tar slutt. No vil vi berre ønskja Torbjørn og Øyvind lykke til vidare og takka for det arbeidet dei har gjort for klubben.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.