Lokal | 06. juni 2012

– Treng meir enn kantslått

Tre og buskar skaper dårleg sikt og trafikkfarlege situasjonar ved Lepsøybrua.

– Treng meir enn kantslått
Vegtasjonen før Lepsøybrua når du kjem frå Os er tett og gjer det vanskeleg å sjå om det kjem gåande ut i vegen eller om det kjem bilar motsatt veg (foto: Kari Marie Austevoll)
Andris Hamreonsdag 06. juni 2012 07:22

Under politisk kvarter i formannskapet tysdag tok Marie Bruarøy (H) opp trafikktryggleiken langs Lepsøyvegen, nærmare bestemt rett før Lepsøybrua, der tre og buskar gror godt.

- Statens vegvesen tar kantslått eit par gangar i året, men dei får ikkje nok med seg.

- Er det mogleg å be dei om å kappa nokre av trea slik at ein får fri sikt frå brua? undra Marie Bruarøy.

Området det gjeld ligg akkurat ved Kongshaug Musikkgymnas og ein sti som kjem ut i vegen som er mykje brukt av skuleelevar.

- Slik det er no skaper det trafikkfarlege situasjonar, hevda Bruarøy.

Ikkje den einaste staden

Kommunalsjef Karl Ole Midtbø fortalde at dette ikkje er den einaste plassen i kommunen kor vegetasjonen skaper trafikkfarlege situasjonar.

- Vi har ein del andre plassar òg som godt kunne vore rydda meir opp i, sa han.

- Eg har sendt en epost til vegvesenet som ein hastesak medan vi har sete her og allereie fått svar om at saka er sendt vidare i systemet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.