Kultur | 14. jan. 2013

Treng nye stemmer

Havfest har nypremiere i Oseana 24. mai, no kan du prøvesynga for ei rolle i folkeoperaen.

Treng nye stemmer
Heidi Tronsmo som Guri Kunna treng nye folk både som Gurifolk, Havfolk og Brefolk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 14. jan. 2013 10:11

Sundag 27. januar inviterer Opera Omnia til audition for Havfest i musikkrommet på Os barneskule.

- Vi har vore i kontakt med dei som var med i den førre framsyninga.

- Nokre av dei har måtte takka nei til å vera med denne gongen på grunn av jobb og skule, så vi har eindel roller vi må fylla med nye folk, fortel produksjonsassistent Liv Rognsvåg.

Endra stemmeleie

I tillegg har fleire av dei yngste aktørane som var med sist vokse og med det fått endra stemmeleie.

- Det er jo ei heilt naturleg utvikling, så vi må nok rokkera noko på rollar som følgje av at stemmebanda til dei yngste har utvikla seg sidan dei sist sto på scena.

Heile 49 skodespelarar og dansarar var med då Havfest hadde urpremiere i samband med opninga av Oseana i juni 2011.

Ikkje berre song

Auditionen blir leiia av Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo saman med regissør Hege Gabrielsen.

- Den blir todelt. Ein songdel og ein bevegelsesdel.

- Vi treng folk som meistrar begge kategoriane.

- På heimesida vår vil vi legge ut dei songane vi vil at kandidatane skal framføra, så det er verdt å studera informasjonen som ligg der på førehand, forklarar Rognsvåg.

Der vil ein også kunne melda seg på til auditionen. Havfest spelast 24., 25. og 26. mai i Oseana og er ein del av Festspela i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.