Næringsliv | 16. jan. 2014

– Trist om Lyssand flyttar

Ole-Vidar Skaathun er barnebarnet til grunnleggaren av Lyssand Treindustri, men ein av Inwido sine største konkurrentar i Noreg.

– Trist om Lyssand flyttar
Magnor-eigar Ole-Vidar Skaathun. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. jan. 2014 15:56

I går blei det kjent at Inwido vil flytta produksjonen av Lyssand frå Os til Sverige.

93 tilsette ved Lyssand Treindustri AS, 76 av dei frå Os, mister jobben i løpet av 2014 om styret i februar går for flytting.

Les òg: – Veldig dårleg stemning

Osingen Ole-Vidar Skaathun er barnebarnet til Nils Lyssand, mannen som i 1947 grunnla fabrikken. Han er også eigar av H-vinduet Magnor AS, ein av Lyssand-eigar Inwido sine største konkurrentar i Noreg.

Les òg: Magnor i kraftig vekst

– Eg synest det er veldig trist at Inwido ønskjer å flytta produksjonen ut av Os og ut av Noreg.

– Eg føler med dei tilsette og eg trur heile bransjen kjem til å sakna Lyssand, som i mange år har vore ein viktig og synleg aktør i Noreg.

Held seg ved svenskegrensa

Magnorvidnauget har administrasjon og salsavdeling i Fana, der 9 av 13 tilsette er frå Os.

Fabrikken ligg på Austlandet, berre 900 meter frå svenskegrensa.

– Vi har ikkje plan om å flagga ut. Vi driv effektivt med erfarne tilsette, 8 av dei 32 i produksjonen, i ein 32 år gamal fabrikk, har fått gullklokke.

– Eg har tru på at det å vera heilnorsk er ein styrke, og at det fint går an å driva godt innanfor landegrensene.

Fabrikk-brann og svingande marknad

Lyssand viser til gode tal, men fortel om svikt siste kvartal. Magnor opplevde ein nedgang i sommar, men hadde ein veldig god slutt på 2013.

– Samla sett gjekk vi opp i sal, men litt ned i omsetnad i forhold til 2012 likevel. Årsaka er at enkelte større ordrar fekk utsett levering grunna utsett byggestart.

Magnor fekk også litt ekstra å bruka tid og pengar på i fjor. I mars brann det nemleg i administrasjonsbygget.

– Ein elektrisk feil i eit reklameskilt gjorde at det tok fyr i taket i administarsjonsdelen. Det var nær på at det byrja å brenna innover i fabrikken, noko som ville vore katastrofalt.

Vasskader frå sløkkinga gjorde at Magnor måtte bygga nytt administrasjonsbygg.

– Å flytta produksjonen til Os har aldri vore diskutert?

– Vi er avhengige av engasjerte tilsette med høg kompetanse, og då treng vi å ha fabrikken der den er no. Der har vi effektiv og god drift, og der blir vi verande, seier Skaathun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.